Kva engasjerer meir enn ein konkurranse? Eg er for øyeblikket med på 3.
Nr 1: Nettamaria sin
Den går ut på å følga med på bloggen (ha hu i blogglista), reklamera for konkurransen, ka som er hennas favoritt dyr og gi kommentar på innlegget om konkurransen. Ein får lodd etter kor mange av dei tinga ein gjere, og det er fin premie. Og ja, eg anbefale å følga bloggen hennas, skrive veldig variert, og om mange aktuelle tema og strikke masse:). Stikk innom på:
Nr 2: tren 25 gongar på 90 dagar
Denne konkurransen er på Elixia. Premien er ein bag. Har vore med på samme konkurranse før og fått samme premie, men trenge litt ekstra motivasjon. Og viss ein trene 25 gongar på 90 dagar, syns eg ialefall sjøl eg er flink.
Nr 3:gå i trappa
Etter påske flytta eg kontor ifrå 6 til 9 etasje på jobben (komme inn i 4 etasje). Det er no ein konkurranse om å gå dei 5 etasjane (100 trinn) flest mulig gongar før sommaren. No har eg 74 gongar. Eg komme ikkje til å vinna, men all trim er god trim. Og ein forbrenne 10 kaloriar på å gå i trappa 1 min, så det passe jo fint etter at ein har vore i 4 etasje å åte lunch.
Er du med på ein konkurranse? Vurdere å laga ein konkurranse på bloggen min og, men vente på at eg skal få ein god ide. Ville du evt blitt med?