tirsdag 31. august 2010

Strikkeprosjekt

Hei, når eg starta å blogga gjekk da veldig masse i håndarbeid, og kansje noken begynte å følga med på bloggen min pga dette og føle seg litt snurt når det har gått over til å bli ein mat og pittelitt håndarbeid blogg. Men eg har ikkje slutta å gjera håndarbeid, tvert om, men ein får laga mange nye matrettar på den tida ein brukar på å ferdigstilla eit håndarbeidsprosjekt. Men her komme ein liten oppdatering frå håndarbeids "livet" mitt.
Eg er no i gong med da sista paret av sokkar i "årets kollektsjon". Under "produksjonen" har eg greid å mista ein bambuspinne. Dette gir meg ein god grunn til å kjøpa nye trepinnar frå Du store alpakka, og eg har tenkt å prøva ut 15 cm pinnar (bruke 20 cm idag)


Og ja, denne ligna veldig på den toppen eg strikka tidligare i sommar. Eg brukte litt av nøste to på den, og med nøster med 400 m trå, skal eg laga ein kortare topp med strikk nede av resten (sportsbh lignande).

Og ein gryteklutOg når denne tråen er blitt til gryteklutar og kjøkkenklutar, skal du få sjå eit samlebilde.
Er det noken som har eit tips til ka eg kan bruka den gule tråen til? Bortsett frå påske "ting", erfaring med å farga bomulstrå feks?

Planlagte prosjekt:
omslagsbody til Anne Sofie
veksejakke til Luckas
genser til Even
tova tøfler
lommetøfler
jakke til meg sjøl frå det nye mønsterhefte til Du store alpakka
osv, osv

Og med tanke på alle prosjekta eg holde på med no, og planlage, er det godt ein går inn i høgsesong for håndarbeid. Har du noken spennande hobbyprosjekt på gong?






søndag 29. august 2010

Rødbetrundstykker

Når eg våkna i dag, hadde eg ingen planar for dagen. Men etter å ha sjekka yr, bestemte eg meg fort for at dette måtte bli ein inne dag. Og som har utvikla seg til å bli ein "kjøkkendag". Men med fleire oppskrifter eg hadde lyst å prøva ut, er dette blitt ein bra dag.
Eg fant oppskrifta på disse rotfruktbrøda i boka "Brød, fra focaccia til bagels". Men som du ser, er det ikkje brød, og bortsett frå hovedingrediensen rødbet, er det lite som ligna.
Eg hadde dette oppi:
1 pk tørrgjær
5 ss olja
5 dl vatn
5 ss sirup
1 ss hvitvinseddik
1 ss salt
10 dl grovbakst
5 dl kveitemjøl
3 rødbetar
Skrell rødbeten og riv på eit rivgjern
Ha grovbaksten i ei bolle, ha oppi gjæren, salt og lunka vatn og rør det saman. Tilsett olja, sirupen, hvitvinsedikken og mjøl til deigen er smidig å jobba med.
Kna inn rødbeten, tilsett mjøl til deigen er smidig og jobba med igjenn.
Hev deigen i 1 time.
Form rundstykker el av deigen, etterhev i 20 min.
Pensla rundstykka med kaldt vatn, steik på 225 gr i 15 min, eller til dei er ferdige (komme ann på størrelsen).
Avkjøl på rist.
Eg ete frukostblanding til frukost kvar dag, med noken få unntak. Cherrios har lenge stått på menyen, er ok i forhold til sukker og fiber osv. Men blei tipsa om at Puls hadde oppskrift på ein enkel, god og sunn frukostblanding, og den måtte eg jo prøva, og ja den var verdt det. Og her er den:
Og vil du og prøva, finne du oppskrifta her: http://www.nrk.no/mat/1.7035801
No har eg avslutta "kjøkkendagen" med ein god middag, den skal du få lesa om ein anna dag.
No krysse eg fingrane for at yr skal ha rett og det ikkje skal regna etter kl seks, og går meg ein tur.
Ha ein fin søndagskveld!

onsdag 25. august 2010

Tre retters

På mandag hadde eg besøk av tre tidligare kolega. Me hadde ein veldig kjekk ettermiddag samen, i tillegg til at eg fekk ein god anledning til å laga ein tre retters middag. Eg har knapt prøvd meg på det før, så valgte rettar eg har gode erfaringar med frå før.

Forrett

Pitabrød med røkelaks og spinat


Hovedrett

Alt i ei form rett


Og til deser, eller rettare sakt kaffien, for me var så mette etter dei to første rettane at me måtte venta med det, vafler med heimelaga bringebær syltetøy.



Og til dei trenge du:
4 egg
1 krus sukker
ca 250 gr smelta smør
1 krus vatn
1 krus melk
1 l kefit
3-4 krus mjøl
Pisk egg og sukker til eggedosis, ha oppi veska, mjøl til den blir passe tjukk og smøret til slutt.
Vaflene blir nesten bedre viss du steiker dei dagen etter at du har laga røra.
Og i godt selskap får ein mange gode idear, så går alt etter planen skal me starta ein "jakten på kjærligheten klubb", dvs, me treffes og ser på Jakten på kjærligheten når det starte. Og ein "hjemme hos med kl halv åtte klubb", dvs laga eit privat konsept av tv programmet.
Eg glede meg til begge:)

lørdag 21. august 2010

Torsk i tomat og chilisaus

No har eg jobba i to veker, brunfargen frå Malta begynne å forsvinna, det er kaldare ute og det blir tidligare mørkt. Med andre ord, hausten og kvardagen er tilbake. Oppskrifter ein har funne iløpet av sommaren blir prøvd ut og eg lage egne variantar, her er ein av dei (2 porsjonar):

1 boks grovhakka tomater
1 finhakka løk
1 ss olivenolja
2 ts hot chilisaus
2 dl fiskekraft
1 ts basilikum
1 ts persille
salt og pepar
600 gr torsk
Surr løken i olje til den er mjuk. Tilsett tomater, chilisaus og fiskebuljongen. Kok sausen til den er jevn og har tjukna litt. Smak til med salt og pepar og ha i dei friske urtene.
Legg torsken i ei ildfast form, hell sausen over. Steik det på 200 gr i ca 30 min.
Kok fenikkel, gulrot, vårløk og poteter.
Eg hadde potetene i ei panna. I den andre panna starta eg med gullerøttene (skåren i stavar), kokte den i 10 min, hadde oppi fenikkelen og kokte i 5 min og til slutt vårløken.
Men dette variere alt etter som du like grønsakene. Eg har kvitta meg med ei visdomstann og tygge kunn på eine sida, så eg foretrekke gjennomkoktmat for øyeblikket.
I går var eg ute med jobben, hadde avskjedsmiddag for ei som skulle slutta.
Me var på trikkestallen på Torshov. Ein plass eg vil anbefala. God mat, mykje mat for pengane og mange utebord.
God helg!

tirsdag 17. august 2010

Veske

Her er veska eg og mamma laga når eg var heima i sommar. Dvs, eg strikka og tova, mamma hadde tråen, sydde den ferdig og motiverte meg til å starte. Og søster mi lærte meg å hekla blomen. Hadde eg hatt så god hjelp alltid, skulle eg laga mange meir kompliserte prosjekt.
Eg starta med å legga opp 90 masker, og strikka 60 omgongar glattstrikk. På neste omgong strikka eg ei maske, to samen osv. No var eg tom for trå, men ein skulle egentlig gjera dette i 28 omgongar og så fella av. Så sydde eg samen veska i botn og tova den på 60 grader samen med to håndkle og grønnsåpa.
Så starta mamma sin del av jobben. Stryk viselin bakpå tøyet (blå lin). Sy tøyet fast i veska, på vranga. Me hadde dobbelt for at det skulle bli stivt (sidan eg ikkje hadde strikka 28 omgongar etter innfellinga).


Hekla blomen, sy på perler
Og ein liten fines inni; nøkkelkrok inni.
Og vips, her er den ferdig: No gjenstår det å finna ein annledning eg skal pynta med i, slik at får tatt den i bruk.

Trå: 3 nøster cortina
Blom: kitten Mohair

torsdag 12. august 2010

Salat, tzatziki og foccaccia

Rødbet, Ruccola salat, Kina kål (det grønne), Epler, Sitronsaft, Valnøtter, Fetaost i olje, karbonadedeig, vårløk
Bak rødbeten på 180 grader i ovnen, til den er mør (25-30 min)
Steik karbonadedeigen
Avkjøl rødbeten og karbonadedeigen, skrell rødbeten og skjær den i terningar
Rist valnøttene i ovnen i ei tørr langpanna på samme temperatur, til dei er gylne
Skyll salaten
Fjern kjernehusa i epla og skjær i små båtar, og dypp dei i sitronsaft så dei ikkje blir brune
Bland alle ingrediensane samen og ha valnøtter oppå
Tzatziki
Rasp ein agurk på rivhjern, ha den oppi ei bolla med litt salt på, ha ei bolle av samme størrelse oppi og press ut vatnet.
Bland ein liten boks yoghurt naturell med eplevineddik, salt og peppar.
Bland alle ingrediensane
(og like du kvitløk, ha oppi etter kor godt du likar det)
Og resultatet blei ein god middag når eg hadde besøk av ei venninde i går.
(focacciaen komme frå Meny)
NB: rødbeten har ein veldig sterk farge, så pass på kler og veggar
Eg har ødelagt eit sett med kokkakler på hermetisering av rødbetar. Prøvde å klora dei 10 gongar, men dei blei aldri kvite igjenn.

tirsdag 10. august 2010

Singlet

Her er ett av sommarens prosjekt, singlet til meg sjøl. Strikka i Palett superwash som eg fekk i adventskalenderen hos tange i fjord. Fine fargar.
Eg var litt bekymra mens eg holdt på, at den ikkje skulle passa for den ser liten ut, men det gjekk akuratt.

Og her er den på pinnen, ikkje vanskelig å strikka, men tidkrevande.
Legg opp 206 masker på ein rundpinne og strikk vrangbord 1 r og 1vr til arbeidet måle 43 cm. (strekk toppen når du måle). Ta 103 masker over på ein anna pinne eller trå. Fell 5 masker på kvar sida armåpningen. Fell vidare 2,1 m i kvar sida på kvar andre pinne (87m). Strikk vidare 3 cm. Fell dei midterste 23 maskene til halsåpning og strikk dei to sidene kvar for seg (32 masker på kvar sida).
Fell vidare 1 maske inn mot halsåpningen til du har 18 masker igjen til skulerstropp. Strikk rett opp til toppen måle 18 cm.
Gjer da samma med maskene på den andre pinnen/tråen.
Skal bli god å ha på når haust kulden kjeme.
Men enn så lenge nyte eg kvar dag med sommartemperaturar.

lørdag 7. august 2010

Velkommen til verden Anne Sofie

I natt kl 03:30 kom Anne Sofie til verden, og eg er blitt tante på ny.
Hu var 50 cm lang, 3944 g og har 36 cm rundt hovet.
Og her komme noken glimt frå då eg var å besøkte hu på sjukehuset







Gratulera til HO, AK og KO!
Fin jenta

torsdag 5. august 2010

Makrell


Eg har vore på fisketur, og her er resultatet, 14 makrella og 2 pale. For å vara heilt korekt, eg fekk ingen fiska, men lillesøster fekk seks fiska, pappa ein og svoger min resten.

Me slødde fisken og filiterte den (tok ikkje av skinnet), steikete den godt med mjøl, salt og pepar på og godt med smør.
Og makrellen smakte kjempegodt i samen med agurksalat, nypoteter, nye gullerøtter og rømme.


Og ein til delikatesse (ialefall i min verden).
Markjordbær med fløyte på
No plaskregnar det ute og ein merke at det går mot haust.I mårå har eg min siste sommarferie dag. Eg kose meg med ein kopp te, og eg og mamma skal gjera ferdig ei veske me har laga.
Om ikkje lenge kan du sjå den her på bloggen.