søndag 25. mars 2012

Pasta gryte og pannekaker

På lørdag skein sola, me skulle egentlig vore på speidartur, men formen min tillot da ikkje. Men tur til Oslo fjorden og innvielse av stormkjøkken var ikkje ett dårlig alternativ.

Til lunch hadde me pose pastagryte
og til deser pose pannekake med mammas rørte jordbærsyltetøy og kaffi:)
Det var både enklare og raskare å laga mat på stormkjøkken enn eg trudde. Håpe det blir bra vær i påsken så eg testa ut meir.
Ha ei fin palmehelg!

torsdag 15. mars 2012

Fylte grove pannekaker

Visp samen 4 egg, 2 dl grovbakst, 2 dl kveitemjøl, 1 ts salt og 6 dl lettmelk.
La det stå og kvila litt mens du lage fyllet.
Steik 400 gr kyllingkjøttdeig.
Hakk ein liten rød og grønn paprika
Ha paprikaen, 1 boks røde bønner og ett 1 glass medium taco saus oppi samen med kjøttdeigen.
La det stå og småputre i 5 minutt.
Ha litt smør i steikepanna, steik pannekakene (tjukkelse alt etter kor god tid og kor tolmodig du er). Eg laga denne porsjonen til to personar, me åt oss overmette første dagen, og mette andre dagen. Då hadde me fylte inni pannekakene og hadde dei i ildfast form med ost oppå.
Begge variantane er veldig gode:)
Og ein til middagsanbefaling, som me hadde i dag:
Torskegryte
Ha ein forsatt fin kveld!

Eg er blitt forlova!




Fredag 2.3 fridde min kjære til meg:)
Det starta med ein ring med lilla stein den 2.3 når han gjekk ned på kne og no har me begge fått ring på fing:)

fredag 9. mars 2012

Blafre butikken

Sist helg når eg hadde besøk av mamma og dei, var eg og hu på blafre butikken i Ekeberg hageby. Masse fint å sjå på, god lunch og koselig betjening.
Eg kjøpte innbakningspapir som skal bli brukt til å laga kort.

I kveld har eg malt listene til 5 dører. Mitt lille bidrag til prosjekt oppussing, snart komme da før og etter bilder av gangen.

Ha ei fin helg!


søndag 4. mars 2012

Evighetsteppe

Evighetsteppe er ikkje dette teppe sitt rette navn, men med tanke på at eg har brukt lenger tid på dette enn på jakken eg strikka i jula, syns eg det har tatt lang tid og vore kjedelig. Men no er eg kvitt 6 nøster viking babyull (samme trå som eg strikka jakken i), og ei lita jente får eit godt og varmt teppe hu kan ha lenge.
Men det har vore eit sosiat strikketøy, når det einaste ein trenge å teka på er å auka ei maske etter den første maske på kvar pinne i tre nøster og fella inn ei maska på kvar pinne etter å ha strikka ei maske dei tre siste nøstene (starta med 3 masker).
Sjå kor fin blomst eg har fått av familien som har vore på besøk i helga:)