onsdag 26. september 2012

Halvfine rundstykker med aprikos og rosiner

 
Sist lørdag hadde eg bakebesøk, noko som absolutt kan anbefalast. Det er kjekt og baka, og enda kjekkare samen med noken og det er veldig godt med bakverk, enten ovnsvarmt, eller ta opp frå frysen til lunch. 
 
Til halvfine rundstykke trenge du dette:
2 ss smør
3,5 dl skumma melk
30 gr gjer
1/2 ts salt
125 gr samalt kveite
375 gr kveitemjøl
1/2 pk aprikos delt i 4
1 hånd rosiner
 
Smelt margarinen og ha i melka og varm opp til 37 grader. Smuldra gjæren i ei bolle, ha så i veska og bland godt. (Dersom du bruke tørrgjer, ha det oppi det tørre). Ta alt det tørre i litt etter litt. Hev deigen.
Lag rundstykker med hendene og ha oppi muffinsformer.
 
Steik på 240 grader i 15-20 minutt.
 
Er så gode i seg sjølv, at ein ikkje trenge pålegg på:)
 
I tillegg til rundstykke laga me ein deig av grovbakst og kveitemjøl. Av den blei det horn og pizzaboller.
Pizza bollene er laga med ferdig pizza saus frå rema 1000 på eine halvparten og pesto på den den andre halvparten. Raspa skinke og ost oppå begge fylla, kjempegode!

fredag 21. september 2012

Gullerotsuppa

 
No når det er blitt haust ute, smake det veldig godt med suppa. Eg har laga denne to gongar no, og den smake godt nylaga, men og godt etter å ha vore i fryseboksen noken veke oppvarma.
 
Ein stor porsjon (ca 5 porsjonar uten brød til)
1.5 kg gullerot
400 gr potet
1 løk
1.5 l kjøttbuljong
 
Skjer løken i skiver og fres den i olja
Tilsett 1.5 liter kjøttbuljong
Ha oppi skrelte gullerøtter og potetet i bitar
Kok i ca 15 minutt
Fres suppa til den er klumpefri med ein stavmiksar
Smak til suppa med salt og peppar
 
Server med kylling til (her kalt kylling til salat).
 
 
Ha ei fin helg du som kikkar innom!
 
No er lysa i bordpynten vår tent og me kose oss i sofakroken med smoothie, strikketøy og fredagsunderholdning på tven. Det er godt med helg:)

onsdag 12. september 2012

Innflyttingsfest

Den 1.9 hadde me innflytningsfest. Me hadde ein veldig kjekk kveld, me hadde det kjekt med å laga til og dei som var her hadde det kjekt.
 Me hadde invitert 26 stk, 22 skulle komma, men 3 meldte avbud samme dag. Me dekte på i stova på spisebordet og salongbodet, og på kjøkkenet. Noken kjente kvarandre, andre ikkje så min kjære hadde ein lur måte å ordna bordplasseringa. Han la ein skinnlapp med ein bokstav på, på kvar tallerk. Når folk kom, trekte dei ein skinnlapp, og dei skulle finne samme bokstav på tallerken.

På borda pynta me med roser og lys.
 
 
Til middag var det taco pai, salat og baguetta.
 
 
Etterpå hadde me gullerot muffins, snacks (saltstenger, chilinøtter og peanøtter), kaffi, te og fruktfat med melon, plommer, appelsin, drue, kiwi og annanas.
 
Dette skal me gjera igjenn!
 

lørdag 8. september 2012

Eplekaka med epler frå eigen hage

 
Med ett epletre som bognar av eple i hagen, er det blitt 3 eple kaker på 2 veker

 
 
Denne hadde eg med meg på jobben i går.
 
Til ei 22 cm form treng du dette (eg ganga med 3 til lita langpanne og med 2 til 26 cm form)
 
2 egg
1,5 dl sukker
50 gr smør
1,5 dl lettmelk
3 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
epler i tynne skiver (eg brukte 4 av vår størrelse)
1 ms perlesukker
1 ts kanel
 
Pisk stiv eggedosis av egg og sukker
 
Slå i smelta smør og mjølka
 
Sikt på kveitemjøl med bakepulver, bland alt med slikkepott
 
Slå røra i smurt form (eller med bakepapir)
 
Fjern kjernehusa og skalet på eplene og del dei i tynne båtar. Legg båtane i ett fint mønster oppå røra og strø sukker og kanel oppå (nb, eg ordna epla først. Dersom ein bruke rundt form, vil røra sige ut av forma mens ein skreller eplene)
 
Steik kaka på 175 gr i 40 minutt. Når den er ferdigsteik, la den stå i forma i 5 minutt, før du kvelver den på ei rist.
 
Denne helga er avsett til å laga hobbyrom, noko som er svært savna. Me skal montere kjøkkenskap og skuffer og ha under ein kjøkkenbenk slik at me får utnytta eit lite rom best mulig og får oppbevaringsplass til alle hobbyane våre. Monteringa har gått bra, men skuffelsen var stor (iallefall for meg) når me hadde fått opp alle skapstammene og tatt inn benkeplata i går. Der er ein koblingsboks og kontakt som må flyttast, og 2 nye kontaktar lagast. I tillegg bør lista fjernast og ein bør legga ledningane ein anna plass. Mao, me trenge ein elektrikar! Og med masse esker og andre ting som var på det rommet midt i stova, blei eg ikkje veldig glad. Men sett i perspektiv har eg måtte tømme alle eskene mine etter at me flytta for å finna den eine tingen eg treng, så eg skal nok greia det litt til :) og er me heldige får me samme elektrikar som sist, som både komme raskt og har ok prisa.
 
Ha ei fin helg!
 
 
 
 


lørdag 1. september 2012

Grønn Risoto med laks

 
 
Steik laksen med salt og pepar etter anvisning på pakken, sett den i steikeovnen først dersom den er fryst, og litt seinare viss den er tint osv.  1 file per person
 
Hakk opp 1/4 purre eller 1/2 løk og surr i olje sammen med 1 fedd finhakka kvitløk.
Tilsett risotto risen (sjå kor mykje det skal vara per person på pakken) og surr litt til.
Tilsett 1 ss hvitvinsedikk per 2 persjon, og kok det inn.
Tilsett vatn (sjå kor mykje på pakken), kok opp, skru ned temperaturen på plata og la det stå og trekke, til vatnet er trekt inn (tar ca 12 minutt).
 
Mens risottoen står og trekker, skrelle du ein agurk og hakkar i små bitar og vaske ein pakke rucola (denne mengda er til 2-3 porsjonar).
 
Når risotoen er ferdig, rør inn agurk, rucola og 1 ss olivenolje. Smak til med salt og pepper.
 
Ha ei fin helg!