torsdag 29. desember 2011

Julelunch

Ka er vell bedre en familiens julelunch? Rømmesild og egg
Pappas brød og mammas julebrød og anisbrød

greddost og julebrunost


rødbetsalat


sylterull og hamburgerrygg


Og på første juledag utvida med heimalaga karbonader med løk, røykelaks og eggerøra :)


Vil ønska deg ei fin nyttårshelg!

Eg har vore heldig å få med meg litt av desse godsakene tilbake til tigerstaden, så då kan jula forsetta noken dagar til:)

lørdag 24. desember 2011

God jul







God jul til liten og stor:)
frå koselig julepynta stove på moster, snart er det julelunch:)





mandag 19. desember 2011

Kjøkkenklutar *14

Av noko av dette: Har eg fått dette:


10 kjøkkenklutar og iallefall 5 til som eg har gitt vekk rett etter dei var ferdige.

Ofte git i kombinasjon med ein oppvaskkost.


Grei måte å bli kvitt restetrå, og gode klutar.

På sokkefronten, kan eg "rapportera" 7 par i 2011.

lørdag 17. desember 2011

Bakte poteter, tomater og squash

I går hadde me koselig besøk av fetteren min og kjæreste. Alle lysa i julepynten blei tent, ny oppskrift prøva ut og julekakene kom på bordet. Bakt potet, tomat og squash med texmex fyll

Til fire personar starter du med å bake 6 store poteter (1 time på 225 gr). Del potene og det andre du skal fylle i to og ta ut massen (ei skål til kvar masse), squashen i 4 og middels tomater ta av på toppen så du får ut massen. Rens og finhakk 4 fekk kvitløk og ein stor løk. Skjær ein grønn og ein rød paprika i terningar. Ta ut frøa av 2 chiliar og finhakk (eller bruk kvitløkspressa) på den. Brun 800 gr karbonadedeig og tilsett løken og la det surre. Ha i 4 ss hakka frik persille, paprikaen og chili. Bland inn 4 ss tomatpøre og 2 dl vatn. Smak til med salt og pepper. Småkok til passen har fått ein fyldig konsitens.


Blad kjøttfyllet forholdsmessig i dei ulike skålene. Fyll opp potetene, tomatene og squashen og ha ost oppå. Bak i ivnen i 15 minutt på 180 grader


Dette smaka veldig godt, men var litt "dill" og laga. Men med god hjelp av "kjøkkenassistenten" brukte me ca ein time + steiking. Potetene blei litt "tørre", og det tar ganske lant tid og bake, så kansje det blir fylte grønsaker med evt litt ris oppi kjøttfyllet neste gong me skal laga dette.

Til deser kom dei 4 slaga eg har baka på bordet (kromkaker, sirupssnippar, berits brune pinnar og kokkosmakroner). NB kokosmakroner er glutenfrie!:) I tillegg fekk litt mini toblerone og Lakrids av Johan Bulow plass på bordet. Sistnevne er ein opplevelse:)


Sjå alt det goda me fekk i julepresang frå jobben i går!:)


Vil ønska dåke alle ei fin siste helg i advent helg!

Tru da eller ei, dei 3 første kubbelysa i adventsstaken er nesten brunne ned hos meg:)

tirsdag 13. desember 2011

Fruktsalat


På søndag hadde me fruktsalat. Salaten inneholdt mandarin, eple, drue, banan og sharon frukt.

Oppå salaten hadde me sukkerlake. Til ein liten salat trenge du 2 dl vatn, 1 ts edikk, 2 ss sukker og litt kanel. Smak til! (det er "kjøkkenassistenten" si oppskrift og der er det ikkje måleenhetar, men desja:))


Og som ein liten spis på det heile, et juletre av belgisk sjokolade, kjøpt på Kaffemakeriet.
Der hadde dei masse anna eg kunne tenkt meg og smakt, og min kjære tok med seg fleire heim, så kansje eg får smaka meir:)

torsdag 8. desember 2011

Adventskalendera *6

Eg har laga seks pakke adventskalendera i år, og her er noken tips om ka du kan ha inni, dersom du skal lage pakke adventskaleder/a:


donaldblad fra loppis, masasje "ting", rett i koppen kakao, antibakteriell til å ha i veska, boxera/truse, sokkar, heimestikka kjøkkenklut, oppvaskkost, ein boks mais eller kansje annanas, brownie på 1-2-3, frokostblanding, julekort, pakkelappar, boks/flasker til reise, sjokolade, fotblad, neglefil, miniparfyme, øyredobbar, hårstrikkar, fliseklemmer, lommelykt, nelikk til å ha i appelsin, penn, notisbok, minidusjsåpe/shampo, hoppetau, mini vinflaske eller jegermester, julepynt, adventslys, te, lommetøfler, tannkost, tyggis og masse anna nyttig og mindre nyttig smotterier som kan vara koselig å pakka opp ein kald og mørk desemberdag.

tirsdag 6. desember 2011

Julekort *17

Har hatt ein veldig kjekk kveld og laga julekort med kollega og vennindekollegaer av min kollega. I tillegg til kortlaging kosa me oss med nysteikte boller, julesjokolade, mandariner og eg hadde med julekaker:)







I dag snør da i Oslo:)

torsdag 1. desember 2011

Trillefrie rundstykker

Heima hos meg er det blitt jul no. Her er noken av englane som har fått plass i vinduskarmen. Nissane passar på julepakkane og pakkeadventskalenderen frå tante eg koser meg med.


Og så mine favoritt rundstykker for øyeblikket. Iallefall i forhold til tilberedning. Kan passa godt som ein variasjon til julekakene. Dei er flate og som du ser har eg måtta skjære dei frå kvarandre. Kansje dei blir litt høgare om ein har oppi meir mjøl, men praktisk å ha pålegg på, når dei er så flate.
Du trenge 4 dl kveitemjøl, 11 dl grovbakst, 2 dl solsikkekjerne, 1 dl linfrø, 1 pk tørgjer, 1 ts salt, 1/2 l lettmelk, 1/2 liter vatn og 3 ss olje.

Bland alt det tørre, tilsett lunka veske og rør det samen med ei sleiv (skal vara laus, litt klissete deig). Hev i 45 minutt. Form rundstykker med vatn på hendene, legg dei på steikebrett med bakepapir (eg fekk 12 stk). Etterhev i 20 minutt. Steik på 200 grader i 15-20 minutt (skal vara gylne).

Smake veldig godt med kyllingskine og sukkererter eller senep, agurk og fiskekaker.