mandag 31. mai 2010

Konkurranse

Kva engasjerer meir enn ein konkurranse? Eg er for øyeblikket med på 3.
Nr 1: Nettamaria sin
Den går ut på å følga med på bloggen (ha hu i blogglista), reklamera for konkurransen, ka som er hennas favoritt dyr og gi kommentar på innlegget om konkurransen. Ein får lodd etter kor mange av dei tinga ein gjere, og det er fin premie. Og ja, eg anbefale å følga bloggen hennas, skrive veldig variert, og om mange aktuelle tema og strikke masse:). Stikk innom på:
Nr 2: tren 25 gongar på 90 dagar
Denne konkurransen er på Elixia. Premien er ein bag. Har vore med på samme konkurranse før og fått samme premie, men trenge litt ekstra motivasjon. Og viss ein trene 25 gongar på 90 dagar, syns eg ialefall sjøl eg er flink.
Nr 3:gå i trappa
Etter påske flytta eg kontor ifrå 6 til 9 etasje på jobben (komme inn i 4 etasje). Det er no ein konkurranse om å gå dei 5 etasjane (100 trinn) flest mulig gongar før sommaren. No har eg 74 gongar. Eg komme ikkje til å vinna, men all trim er god trim. Og ein forbrenne 10 kaloriar på å gå i trappa 1 min, så det passe jo fint etter at ein har vore i 4 etasje å åte lunch.
Er du med på ein konkurranse? Vurdere å laga ein konkurranse på bloggen min og, men vente på at eg skal få ein god ide. Ville du evt blitt med?

søndag 30. mai 2010

Smoothie * 2

Strawberry and orange cream
1,5 dl yoghurt naturell
2 dl jordbær yoghurt
2 dl appelsinjuce
175 gr frosne jordbær
1 banan, fråsen i skiver
Hell all yoghurten i kjøkkenmaskinen, og kjør forsiktig. Tilsett appelsinjuce, og kjør til det er godt blanda. Tilsett dei frosne jordbær og bananskivene, og kjør til ein jevn blanding.
Berry smoothie
25 gr blåbær
100 gr bringebær (tinte)
1 ts klar honning
2 dl yoghurt naturel
1 ss blåbær eller bringebær yoghurt
1 ss sesamfrø
Ha blåbæra i ein kjøkkenmaskin eller ein blender, og kjør i ca 1 min.
Tilsett bingebæra, honningen og yoghurten, og kjør i ytterligare 1 min. Rør inn sesamfrøa.
Hell blandingen i eit glass og ha litt sesamfrø oppå.
Den første var best, og minna mest om det eg assosiere med smoothie. Den andre var syrlig, men god. Passe godt på ein varm sommardag, som det var her sist helg.

onsdag 26. mai 2010

Matmuffins og havrekake

Nam, matmuffins. Eg fant oppskrifta på disse i påskenummeret av bladet Familien. Eg har lenge hatt lyst å laga dei, og når barndomsvenninda mi Ragnhild kom på besøk, brukte eg anledningen
Dette trenge du:
1 liten purre (eg brukte vårløk)
1 liten boks maiskorn
1 pk smårettbacon eller skinke (200 gr ferdig oppskåre)
4 egg
1 beger lettrømme el lett creme fraiche eller kefir
1 ss smelta smør (eg brukte olja)
4,5 dl kveitemjøl (eg brukte 2,5 dl grovbaks, 2 dl kveitemjøl)
1 drøy ts bakepulver
1 ts natron
litt salt
  • Forvarm steikeovnen til 200 gr. Finn fram muffinsformene
  • Rens og splitt purren. Skyll den godt under rennande, kaldt vatn. Rist av vatnet og finsnit. La maiskorna renna godt av.
  • Vist egga samen med lettrømmen og det smelta smøret eller olja. Tilsett purren, mais og oppskåren bacon eller skinka.
  • Bland mjøl med bakepulver, natron og litt salt. Sikt dette i eggeblandingen. Bland lett, men godte med, til ein har rørt ut alle mjølklumpane
  • Fyll muffinsformene 3/4 full røre. Sett dei på eit brett og ha det i forvarma ovn. Steik muffinsa i ca 20-25 min, til dei er gylne. Avkjøl på rist.

Kan anbefalast.

Havrekake

Når eg stod opp i går stod dette på bordet. Godt, sunt, fint laga til og veldig snilt av Ragnhild. Dette er ein havregraut rest som er steikt som kaker med sesamfrø på. Godt med jordbær til eller syltetøy.

Oppi havregrauten hadde me solsikkefrø og linfrø. Og oppå hadde me det samme, cottage chees og heimelaga bringebærsyltetøy.

Det har vore veldig kjekt med besøk, og me har gjort mykje kjekt. Det komme litt bilder etter kvart.

lørdag 22. mai 2010

Eg har tatt fram maleutstyret mitt og malt dette bilde og hengt over sofaen. Bilde er veldig ulikt etter ka lys som komme på det.
Vil ønska deg ein fin pinse!

onsdag 19. mai 2010

Oppskrift på smykkepung


Begynn med å mål opp mønster sirkla. Eg brukte ein middagstalerk og ein frukosttalerk, eller ein sirkel med diameter 12 inch og ein med 9 inch.



Bruk mønstersirkelen til å klippe ut ein av kvar sirkel i kvart tøy (2 tøy).



På ytterstoffet, sy eit knappehål ca 1,5 inch frå kanten, gjer det samma på motsatt side av sirkelen (her skal du dra igjennom båndet til slutt).



Legg rettsidene mot kvarandre, sy dei samen 1/4 inch frå kanten, la det vara igjen eit inch hål så du kan snu rettsida etterpå. Sy igjenn hålet etter at ein har vridd retta ut. Gjer dette med både dei små og store sirklane.



Sy tredegang på den store sirkelen. Sy ein sirkel 1 inch frå kanten, sy ein til sirkel 1/4 lenger inne (knappehåla skal vara mellom den innerste og yterste sirkelen).



Legg dei to sirklane oppå kvarandre, med den litle i midten. Finn midten, og sy ein sirkel på diameter 3 inch, igjenom begge tøya.



Del den litle sirkelen med 4 strekar (gir 8 rom), sy over strekane gjennom begge laga.



Bruk sikkerhetsnål og tre bånd igjennom tredegangen. Knytt dei saman i endane.

Lykke til!

lørdag 15. mai 2010

Smoothie

No har eg prøvd ut to nye smoothia. På onsdag kjøpte eg ei korg med belgiske jordbær, dei var faktisk veldig gode. Eg har kost meg med det i tre dager, først samen med heimelaga is, uten noko til og oppi smoothie i dag.

Tropicana watermelon smoothie

600 gram vannmelon (eg brukte rød)
2 små bananer
2,5 dl kokosmelk
Fjern steinane i vannmelona og kutt den i bitar, gjer det samme med bananene. Ha dette og kokosmelka oppi blanderen, og kjør til det er en jevn blanding.
Eg syns den blei god, men hadde ein litt spesiell smak pga kokosmelka.
Banana, peach and strawberry smoothie
3 dl melk eller soyamelk
2 ss yoghurt naturell
1 ss lønnesirup
1/2 skrelt og skiva banan
1/2 fersken uten stein, skrelt og hakka
3 rensa jordbær
Ha alle ingrediensane i blender, og kjør til alt har er ein jevn blanding.
Denne blei veldig god, ein ny favoritt
Vill ønska deg ein fin søndag og god 17-mai feiring. No skal eg fukta bunadsjorta og forkle og ha det i frysen, slik at det blir lettare å stryka.

onsdag 12. mai 2010

No greide ikkje eg venta lenger, eg har lenge gått å kikka på blomster til å ha ute lenge. Men med snøstorm sist veka og med is på bilrutene denne veka, er det ein hard tilværelse for blomstrane. Men sidan eg er utolmodig, kom eg heim med dette i dag:Urter (basilikum, rosmarin, salvie) frå Mester Grønn og ein spansk margaritt (trur da er da han hette). Planen er å ha dei inne på nattestid og ut på dagen. Margaritten har fått plass på bordet samen med dei rosa favoritt lysestakane mine. Var ikkje dette tøyet søtt? komme frå Åhlens, eg har sydd kantar på det og skal bruka det til duk på utebordet mitt. Så no gjenstår det bere å kjøpa stol (ar), trefliser til å ha på betongen og grill. Altså, det meste. Menn enn så lenge glede eg meg over dei fine blomstrane. Og viss det er andre som vurdere å kjøpa krydder plante, kan det anbefalast, har god lukt og det var godt med basilikumblad oppå chili concarnen eg hadde til middag i dag.





mandag 10. mai 2010

Bagels

Eg har lenge hatt lyst å laga bagels. Dei som er på meny er veldig gode og kjekt å testa ut anna behandling av gjær deig. Som sakt som gjort. Oppskrifta er henta frå kokeboka "Brød - fra focaccia til bagels" som eg fekk hos tante til jul. Der er det oppskrift på alt anna enn vanlige grove rundstykker. I tillegg til oppskrifter, står det forslag til pålegg. Bagels skulle serverast med røykelaks, cottage cheese, dill og sitron. Mitt favorittpålegg er røykelaks, så eg kjøpte inn. Men innen eg laga bagelsa hadde røykelaksen gått ut på dato. Og ja, eg åpna den og smakte, den var råten. Men eg gir meg ikkje på første forsøk, ny laks er kjøpt inn, og med bagels i frysaren, skal eg testa ut dette.
Men det smaka godt med leverpostein og sukkererter og ost,skinke og paprika og.



10 stk
1/2 pk gjær (50 gr)
2,5 dl vatn
1/2 dl olja
1/2 ss sukker
1/2 ss sakt
5 dl finmalt rugmjøl
2-3 dl kveitemjøl
Smuld gjæren i ei bolle. Varm vatnet til 37 grader. Hell litt av vatnet over gjæren og rør til den er oppløyst. Tilsett resten av vatnet, olja, sukker, salt, rugmjøl og nesten alt kveitemjølet (ha igjenn litt til utbakinga). Arbeid deigen smidig.
Ta deigen opp på eit mjølete arbeidsbord og del den i ti bitar. Rull kvar ut til ein fingertjukk lengde, 25 cm. Form lengdene til kransar på ei bakepapirkledd steikeplate. Dekk det til, og la dei heva i ca 40 min.
Kok opp vatn og sukker i ei stor gryta. Legg i nokre ringar om gongen, og la dei koka i ca 2 min. Ta opp ringane med ei hålesleiv og la dei renna av seg. Legg ringane tilbake på den bakepapirkledde plata. Sett plata midt i steikeovnen og la ringane steike på 200 grader i ca 25 min. Ta dei ut og la dei bli avkjølt på ei rist.
Dei blei veldig gode, var kjekt å prøva ut oppskrifta, men det tok litt tid.
Skal snart prøva ut noko meir frå den kokeboka, så følg med.

torsdag 6. mai 2010

Nam, nam, ei til god sjokoladekaka. Eg har laga denne og skal ha den med meg på jobben i mårå til vinlotteriet.

Bland samne:
9 dl mjølk
9 dl sukker
2 ts natron
1 ts salt
2 ts vaniljesukker

Rør dette samen, og bland med mjøl blandinga:
400 gr smelta smør

4.5 dl vatn
1 boks rømme
5-6 ss kakao
Pisk samen 4 egg og ha oppi


Steik i langpanne midt i ovnenen på 180 gr i 30 min

Vent til kaka er blitt kjølig før du har oppå denne glasur, som du røre samen:


200 gr smelta smør
1 dl melk
1 pk melis
4-5 ss kako
1 ts vaniljesukker

Må reklamere litt for denne kake boksen. Genial når ein skal ha med seg kaka. Denne er kjøpt på Jernia, til 100 kr.
Når eg bruke oppskrifter som er beregna på langpanne, bruke eg 3/4 oppskrift. Alternativt kunne ein laga ei lita rund kake i til
legg.

lørdag 1. mai 2010

Pung til å ha smykker, øyredobbar og ringar i når ein er ute å reise

Sjå ka eg har laga, ein liten pung som består av eit stort rom til smykker, og fire små, som ein kan ha smykker og ringar oppi. Oppskrifta fant eg på ein anna blogg, men på engelsk. Så (nesten) heile familien har vore involvert for at eg skal få til dette. Søster mi har omsett oppskrifta, og tøy og forklaring frå mamma. Når eg først var i gong (dvs ein tre vekes periode) har eg laga 5 stk.
Vil du ha oppskrifa, legg igjenn ein kommentar, så legge eg den ut.
To av dei ligge på epla butikken min, som du finne her:
www.epla.no/shops/oddbjorgshobbyhjorne
Eg skal laga link, som alltid vises, men har ikkje funne ut korleis eg gjere det enda.
Noken som kan hjelpa meg?