onsdag 19. mai 2010

Oppskrift på smykkepung


Begynn med å mål opp mønster sirkla. Eg brukte ein middagstalerk og ein frukosttalerk, eller ein sirkel med diameter 12 inch og ein med 9 inch.



Bruk mønstersirkelen til å klippe ut ein av kvar sirkel i kvart tøy (2 tøy).



På ytterstoffet, sy eit knappehål ca 1,5 inch frå kanten, gjer det samma på motsatt side av sirkelen (her skal du dra igjennom båndet til slutt).



Legg rettsidene mot kvarandre, sy dei samen 1/4 inch frå kanten, la det vara igjen eit inch hål så du kan snu rettsida etterpå. Sy igjenn hålet etter at ein har vridd retta ut. Gjer dette med både dei små og store sirklane.



Sy tredegang på den store sirkelen. Sy ein sirkel 1 inch frå kanten, sy ein til sirkel 1/4 lenger inne (knappehåla skal vara mellom den innerste og yterste sirkelen).



Legg dei to sirklane oppå kvarandre, med den litle i midten. Finn midten, og sy ein sirkel på diameter 3 inch, igjenom begge tøya.



Del den litle sirkelen med 4 strekar (gir 8 rom), sy over strekane gjennom begge laga.



Bruk sikkerhetsnål og tre bånd igjennom tredegangen. Knytt dei saman i endane.

Lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar