mandag 23. juli 2012

Gode drikker

Hylleblomstsaft
Blir laga av blomster kvite blomster frå hylle treet.
Farmor pleie å laga denne safta og den er veldig god og skal hjelpa mot det mesta (forkjølelsessjukdommar med feber også forebyggande, bra mot influensa, hoste, bronkitt besvær, høysnue, betente mandler, svettedrivende, isjas, stoffskiftesykdommer og neuralgier)
Safta fins og på IKEA, men det er ein veldig dårlig kopi.
Hylleblomstsafta er og veldig god til te.



Peppermynte te
Når me var på Haaheim gard i fjord fekk me peppermynte te med peppermynteblad frå hagen.
På Moster veks peppermynte vilt nede med sjøen. Lillesøster har tatt med heim ein avleggar og planta i krukke, så no kan me drikka det både her og der. Eg har kjøpt ei peppermynteplante og planta i samen med gressløken. Det er ikkje så mange blad på den enda, men den er blitt litt større sidan eg kjøpte den. Planta tåler det meste.



Peppermynte er blant anna bra for fordøyelsesplager, hodepine og muskesmerter.
For dei som pleie å ha sukker i teen, har peppermynten så god egensmak at det ikkje er nødvendig.

Ha ein fin mandag og du jobbar eller har ferie 

tirsdag 17. juli 2012

Jordbærsyltetøy:)


Heldige oss fekk besøk som hadde med seg ein kasse jordbær. Først renska dei, så kokte dei syltetøy, og no har me masse godt syltetøy i frysen. I dag har me kost oss med vafler med syltetøy både til lunch og kvelds:)

I huset har me fått blomster i blomsterkassane



og hagebord.

I dag har me kjørt vekk masse boss, skifta røyrsystem under vasken på kjøkkenet og kjøpt liftgardiner. Romma blei akuratt klar til besøket kom, bilder der frå kjem seinare. Me har forsatt esker under trappa og i bodet, og ingen bilder på veggene, men det går rette veien. Sist veka hengte min kjære opp 4 lampar, så no er det berre soverommet vårt som manglar det.


Ha ei fin veka!

mandag 9. juli 2012

Middagsanbefalinga

Etter at kjæresten har fått seg samsung galacky til bursdagen av meg, virke det som han kan finne ut det meste på den. Ein kveld eg spurte han om han hadde middagsforslag, gjekk det få minutt før han hadde forslag til vekes meny. Eg syns det var litt voldsomt, for noken daga har ein lite tid og overskudd til å prøva ut noko nytt og det er greit å bruka noko av det ein har i frysen feks. Men me har prøvd ut to rettar frå rema, som var veldig gode. Og fleire skal det bli:)


Vil anbefala:


tirsdag 3. juli 2012

Nord-norge og sparkebukse


Me har vore i nord-norge og sett midnattsola 4 av 9 kveldar:)


Gåtur til Kvalvika


Koselige butikkar i Henningsvær med eigen mannfolkparkering


Fjellturar 


Familiebesøk
Avslapping
Lesing
Strikking


Eg starta på flyet oppover, og strikka siste maska siste kvelden eg var i nord. 
Sparkebukse str 6-9 mnd til den babyen som egentlig skulle vara jenta. 
Oppskrifta er henta frå Sandnes garn 1107, tema 2, oppskrift F.
Eg har strikka i sisu. 

Foruten litt auging, felling og deling er oppskrifta
1 og 3 pinne, r
2 pinne 1 vr, 1 r
4 pinne 1 r, 1 vr


Knappar frå Stoff og stil