fredag 30. november 2012

Serinakaker

 Sist helg hadde me besøk av mamma og på søndagen baka me serinakaker.
 
Du trenge:
150 gr meierismør
250 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
100 gr sukker
1 egg
 
Rør smør og sukker kvitt, tilsett det tørre og til slutt sammenvispa egg. Arbeid deigen godt og lag ei pølse som sett kaldt i ein time (me pakka det inn og hadde det ute). Skjær pølsene i tynne skiver, sett dei på ei steikeplate, pensla med egg og dryss over hakka mandla og perlesukker. Steik kakene i 12 minutt på 175 grader.
 
 
Me har vore sjuke dei siste dagane, så golva er skitne, det er rot rundtom og me er ikkje heilt klare til 1 desember og advent enda. Men i kveld har me funne fram adventslys og to svibla blei med heim frå butikken. Julestjerne er funnen fram så me håpe på bedre form i mårå og få hengt opp stjernene og vaska litt.
 
 
Har du sett denne? lysestake frå Løyten lys. Lysestaken er laga av starin, med ein liten glasskolbe som ein har telys oppi.
 
Ha ei fin helg!


torsdag 22. november 2012

Kake og blomster designer kurs



 
For noken veke sidan var eg på blomster og kakedesigner kurs hos Cacas.
Resultat av kurset var blomstrane som kakene er pynta med. Me lærte å laga roser, tullipanar, roseknoppar og masse meir. Med meg heim blei frosting (eit godt alternativ for oss som ikkje er så glad i marsipan), lilla farge, lilla glitter og lilla tusj.
Det fine med desse blomstrane er at dei held seg i mange månar, er fine å sjå på, men smakar desverre ikkje så godt.
 
Kakene består av to ulike botnar med sjokolademouse mellom og rundt.
Den eine kaka blir med på jobben i mårå og den andre er i frysen. Det er eit prøveprosjekt å sjå korleis den er når den har vore fråsen.
 
No er snart kjøkkenet rydda, og eit tre dagars bakeprosjekt over.
Ha ei fin helg når den startar:)
 


lørdag 10. november 2012

Ingers rug rundstykker

 
Eg har begynt og alltid ha eit bakeprosjekt på gong, det vil sei, eg har ei bolla med lokk som står på kjøkkenbenken. Ein dag måle eg opp det eg trenge, og ein anna dag bake eg. Det er få minutt arbeid (+ litt heving) og så har ein nysteikte rundstykker til frukost.
 
Til 3 brød eller ca 40 rundstykke trenge du dette:
1,3 kg sammalt kveite
200 gr fin sammalt rug
200 gr heilkorn kveite
75 gr gjær
2 ts salt
9 dl kveitekli
1,8-2 liter vatn
1 dl linfrø
1 dl solsikkekjerne
 
Bland alt det tørre og tilsett lunka vatn. Deigen skal vara ganske laus. Forhev deigen i 1 time, slå den ned og hev i 30 minutt til. Eg forma rundstykka med våte hender. Steik i ca 15-20 minutt på 220 grader.
 
 
 
I går baka eg grove eplemuffins. Du finne oppskrifta her: http://vidunderleg.blogspot.no/2012/10/eplemuffins-x2.html
 
 
Kjempegode og forøvrig ein kjekk blogg og følga med på:)

lørdag 3. november 2012

Strikking



Eg har ikkje slutta å strikka, sjølv om det er kansje ser sånn ut på bloggen.
Eg har strikka 10 par av denne typen tøfler og tova i haust. Har ett par eg bruke sjølv, dei er veldig gode og varme.  

 
Det er alltid spennande med ny vaskemaskin og toving (me kjøpte ny når me flytta inn i huset). Dei grønne tøflene bak til venstre skulle bli størrelse 40, men blei 35:)
 
Eg er blitt kjent med ei islandsk dame som og like å strikke. På mandag var eg hos hu og fekk sjå på masse fine islandske oppskrifter. Me har lyst og starta ein stikkeklubb her på Lørenskog, om du bur i nærheten og like å strikka, er du veldig velkommen til å bli med:)