onsdag 27. oktober 2010

I helga har eg hatt besøk av mamma, og då har me åte masse god mat. Her er menyer:
Fredag kveld: Purre suppa
Til to personar trenge du 200 gr kjøttdeig, 1 purre, 1 buljongterning, 8 dl vatn og 100 gr kremost.
Start med å steik kjøttdeigen, ha oppi opphakka purren, vatn og buljong.
Når det nermar seg servering, ha oppi kremosten.
Suppa blir bedre jo lenger den står å trekke.
Lørdag:
Steikte kokebananer og nøttegryte
Start med å skjær opp kokebanana (ca 1.5 per person) i skiver. Steik dei i ca 30 min (eller til dei er mjuke inni) i godt med smør eller olje. Skjær kjøttet (eg bruke flatbiff) i terningar. Steik til bitane har fått steikeskorpe. Ha dei over i ei panna, tilsett opphakka tomater (4 stk til 2 personar), tilsett 1/2 glass pianøtt smør og la det stå og småkoka til banane er ferdige.
Og etter ein sånn middag, trengs ein frisk deser.
Oppskrifta på den finne du her:
På søndagen var det meininga me skulle ha steikt torsk med mandlar og druer som eg har lagt ut oppskrift på tidligare, men når eg kom på Meny, hadde dei berre fisk med bein i, så då blei da:
Posjert laks med fersk pasta og grønn salat. Fisken trakk i ca 15 min, pastaen kokte i 3 min og salaten består av brokkoli, rucola, mandlar, druer, sukkererter og olje og hvitvins dressing.
Og etter ein lett middag, passa det godt med lune brownies med heimelaga daim is og ein kopp kaffi med Malabar monsooned bønner.

I tillegg til å laga og eta all denne gode maten fekk me tid til å høyra på lillesøster mi spela i ein emsamble konkurranse for korps, shoopa, opera og kvilteutstilling.

søndag 17. oktober 2010

Enkel fiskegryte i form og eple deser

2 porsjonar, sett steikeovnen på 200 gr. Kok opp ein pakke med bergensk fiskesuppe, men bruk 1/2 parten av veskemengda som står angitt på pakken. Legg ei torskeblokk på 400-600 gr i ildfast form med litt olje i. Legg frosne grønsaker (brokkoli, blomkål og gullerotblanding feks) rund (ca 1/2 pakke). Ha "suppa" over. Ha ost oppå. Sett det midt i steikeovnen og steik i ca 40 min. Server med kokte poteter.
Deser
Pakk inn epler med kanel, mandlar og solsikkefrø i ein aliminiumsforlie. Steik på 200 gr i ca 25 min. Server lunt sammen med vaniljekesam.

God, enkel og relativt sunn middag.
Har vore litt ute å åte i da sista, og her er noken resturang anbefalinga:
http://www.cafenoahsark.no/ (bla. grilla mat)

onsdag 13. oktober 2010

Fisk med sennep og urter

Testa ut ei ny oppskrift på fisk i går. Ein fin rett, viss du ikkje likar at maten skal smaka fisk. No har eg litt vell ivrig med toppinga, så fekk den ikkje crispy men det var godt.
Start med å få potene på kok. Kok brokkolien i 3 min og avkjøl den litt. Ha sitron og balsamiccoedikk oppå. Sett steikeovnen på 180 gr. Legg porsjonsstykker med kvit fisk i ildfastform med litt olja i botn. Start med å smør sennep oppå fisken. Bland griljermjøl, persille, gressløk, parmesanost, salt og peppar og ha det oppå sennepen og ha det oppå fisken. Steik i 8-10 min, det siste minuttet under grill (for å få sprø skorpe).

Og her, ein enkel og grei borddekorasjonen.

søndag 10. oktober 2010

Julekort

Ja, du ser rett. Her hos meg er da juleetikett og julekort. I Tyskland var julesjokoladen på plass, KK har komt med julemagasin og fleire bloggara har allerede lagt ut juleproduksjon. Og i dag er da 75 dagar til jul. Eg kjøpte ein pakke med materiale til 10 julekort frå Panduro på romjulssalget i fjord. Her er noken av dei:



Da komme nok meir julekort her og i epla butikken min framover.
Men tiltross for at eg har starta julekortproduksjonen er me berre halveis i den andre hausmånen, noko desse sjølvhausta epla er eit bevis på. I helga har eg vore å besøkt ei studievenninde i Sande, og i tillegg til desse fine og gode epla eg skal kosa meg med framover, har eg fråse skrelte eplebåtar som skal nyttast i eplekaker og i smoothie utover hausten. I tillegg til eplehausting, kafebesøk, leking med sånen på 14 mnd, skravling, rakk me eit besøk på Stoff og stil, og med mønster og flisstoff i påsen, blei me nesten ferdig med kvar vår kjole.
Da gjenstår å sy ein saum og stikka hals.

mandag 4. oktober 2010

Tova tøfler

Hadde to nøster Rosendahl 100% ull liggande, og hadde lyst å prøva meg på eit par tova tøfle. Fant oppskrift i boka "Gøy å stikke med tykke pinner".
I følge oppskrifta skulle dette bli størrelse 7-9 år. Det stod ingenting om ka trå ein skulle bruka, så eg prøvde lykken, og dei passa til ein kolega som blei 50 år i sist veka og bruke str 36-37.
Legg opp 48 m på pinne 6. Strikk rillestrikk fram og tilbake (r på begge sider) til arbeidet måle 22 cm. Fell 4 m på kvar side av arbeidet. Fordel maskene likt på 4 pinna. Stikk 12 cm. Fell til tå ved å stikka dei to første maskene på kvar pinne rett samen på kvar omgong til det er 4 masker igjenn (4 fellingar per omgong). Klipp av tråen, trekk den gjennom dei 4 maskene og fest endel. Sy samen åpningen bak på tøffelen og fest alle lause tråar.
Tov på 60 grader med grønnsåpa og 2 hånkler inni vaskemaskinen.
Har noken oppskrift på tova sitteunderlag?