onsdag 27. oktober 2010

I helga har eg hatt besøk av mamma, og då har me åte masse god mat. Her er menyer:
Fredag kveld: Purre suppa
Til to personar trenge du 200 gr kjøttdeig, 1 purre, 1 buljongterning, 8 dl vatn og 100 gr kremost.
Start med å steik kjøttdeigen, ha oppi opphakka purren, vatn og buljong.
Når det nermar seg servering, ha oppi kremosten.
Suppa blir bedre jo lenger den står å trekke.
Lørdag:
Steikte kokebananer og nøttegryte
Start med å skjær opp kokebanana (ca 1.5 per person) i skiver. Steik dei i ca 30 min (eller til dei er mjuke inni) i godt med smør eller olje. Skjær kjøttet (eg bruke flatbiff) i terningar. Steik til bitane har fått steikeskorpe. Ha dei over i ei panna, tilsett opphakka tomater (4 stk til 2 personar), tilsett 1/2 glass pianøtt smør og la det stå og småkoka til banane er ferdige.
Og etter ein sånn middag, trengs ein frisk deser.
Oppskrifta på den finne du her:
På søndagen var det meininga me skulle ha steikt torsk med mandlar og druer som eg har lagt ut oppskrift på tidligare, men når eg kom på Meny, hadde dei berre fisk med bein i, så då blei da:
Posjert laks med fersk pasta og grønn salat. Fisken trakk i ca 15 min, pastaen kokte i 3 min og salaten består av brokkoli, rucola, mandlar, druer, sukkererter og olje og hvitvins dressing.
Og etter ein lett middag, passa det godt med lune brownies med heimelaga daim is og ein kopp kaffi med Malabar monsooned bønner.

I tillegg til å laga og eta all denne gode maten fekk me tid til å høyra på lillesøster mi spela i ein emsamble konkurranse for korps, shoopa, opera og kvilteutstilling.

1 kommentar:

  1. Ja, da blei masse god mat. Og i tillegg til det andre me gjorde, måtte me pleia bihulebetennelsen og hosta og snufsa. Da var ei kjekke helg!!! Og du tar godt vare på gjestene dine!!!

    SvarSlett