onsdag 22. desember 2010

"Reste" meny

Jul og reisa på juleferie nærmar seg med stormskritt. Eg har hatt eit "bruk opp det du har i kjøleskapet og det som har lugge litt for lenge i frysen" prosjekt dei siste dagane. Og med litt planlegging har eg blitt kvitt ganske masse, men har og åte masse god mat.
Søndag: fiskegryte i ildfastform
Ta ei fiskeblokk (valgfritt slag), ha oppå litt pepar. Bland samen yoghurt naturell, kremost, mais, purre og sukkererter (eller noko anna som har ca like lang steiketid). Ha det over fiskeblokka og steik det i 30 min på 220 gr (lengre dersom fiskeblokka ikkje er tint på forhånd). Server med bygg gryn, ris, pasta eller potet.
Mandag: Hakkebøff, potet, gullerot og heimelaga tyttebærsyltetøy.
Hadde ein boks med hakkebøff, kokte potet og gullerot. Tok opp tyttebær som eg hadde plukka på Hovden i haust, moste dei og hadde på litt sukker og vips ein kjempegod middag syns ialefall egg (ps. "brunsaus" middagar er undervurdert).
Tirsdag: Omellett. Kokte ei ekstra potet på mandag. Hakka opp den, ein halv løk og 3 kyllingpølser frå frysen. Blanda 4 egg, 4 ss melk og pepar og hella over. Skar tomater i skiver og la over og dryssa over oliven (oliven er godt på nesten alt, kan ikkje skjønna koffor eg ikkje har begynt å lika da før no). Steikte i ildfast form i ca 30 min, på 200 gr. Middag i går og lunch i dag.
Torsdag: Gullerotsuppa
Kokte 5 gullerøtter, 1 løk og to buljongterningar i ca 30 min. Brukte stavmiksar for å mosa det. Tilsette litt pepar og basilikum og parmasan på toppen. Eg brukte rødløk, derfor litt gusjen farge. Fekk servert denne suppa som ein av tre rettar på ein middag hos Maria tidligare i haus. Ho serverte med creme fresh, basilikumblad og rista brød, da skal eg og gjera neste gong.

Kjøleskapet er no nesten heilt tomt. Kofferten pakka (og ja, eg fekk plass til alt, hadde bestilt to kolli for å vara føre var), badet vaska og leiligheten støvsugd så no gjenstår da berre ein dag på jobben, så er eg klar for juleferie.

mandag 20. desember 2010

Varmepute trekk

Viss du syns det er litt lite håndarbeid her for tida, har eg ikkje slutta med da. Men holde på med siste innspurt på julepresangane og da er ting eg har blogga før. Men her komme noko nytt, varmeputetrekk.
Enkel å laga og fin måte å bli kvitt trårestar. Eg har strikka med dobbel Sally (blå) og topp tå.
Eg la opp 70 masker på pinne 7, og strikka fram og tilbake til det ikkje var meir trå (og flaks for meg var det så stor varmeputa var). Felte av, festa tråa, sydde isamen på vranga, tvinna trå, og vips, trekket var ferdig.
Eg har litt (all) for masse trå liggande. Og har tenkt litt på ka eg kan bruka den til, foruten varmepute trekk. Skal eg prøva meg på julekuler, julestrømpe, trekk til kleshengar.
Alpakka tråen skal eg strikka babyteppe av. Har du noken idear?
I går laga eg siste porsjon med brente mandlar. Og her er boksdekoren. Brukte gavepapir og dobbeltsidig teip. Blei litt luftlommer. Boksane til venstre har det vore honning på, og trur da ville blitt vanskelig å festa med lim på metallet. Boksen til høgre har det vore valnøtter på.
Pappa har samla boksar til meg igjennom heile året. Neste år trur eg da blir barnematglass med glassmaling eller dekopasj.
No gjenstår da ett par lommetøfler, så er eg i mål. Kom ut av tellinga i ka eg laga ein gong iløpet av hausten, så har måtta stå på for å bli ferdig med alt i år.
Men det blir noko heimelaga i alle pakkane i år og.

lørdag 18. desember 2010

Krema røykelaks og "muffinsformtest"

Eg har testa ut muffinsformer frå ikea. Eg har erfart at små papir muffinsformer gir etter i "veggene" og at muffinsane blir veldig flate. Sist helg laga eg matmuffins, og det er ein ganske tung deig, så var veldig spent på korleis det skulle gå. Men med to former på kvar muffins, gjekk da bra. Så dei formene kan anbefalast. Syns det er fint mønster på formene, og med ein pris på 9 kr for ein pakke med 65 stk er det ein klar favoritt i små muffinsformer. Euroshooper er favoritt innen store. Dei har ikkje mønster, men er best av dei eg har prøvd ut (du ser dei til venstre i bildet). Oppskrift på matmuffinsane eg laga finne du her: www.tine.no/8533.cms


Krema røykelaks (2 porsjonar)
Finhakk ein løk og fres den i olivenolja. Tilsett grovhakka 150 gr sopp og fres den samen med løken. Hell over 2 ss kvitvin (eller eplejus), 1 dl matfløyte og 1 ss grovhakka sennep, la det koka til veska er halvert. Tilsett 100 gram spinat (fråsen fungerte heilt bra)
Tilsett 200 gr røykelaks og kok opp. Server med fullkornspasta.
Smaka god både varm og kald.

I kveld har eg sett filmen Julie og Julia. Ein film alle om er glad i laga mat eller blogge burde sjå. Filmen handla om ei som sette seg som mål å laga alle rettane i ei kokebok (over 500 stk) iløpet av eit år. Alle utfordringane hu møtte i forhold til da og parallellt fulgte me livet til hu som hadde skreve boka. Kansje det skal vara nyttårsforsett, laga alle oppskriftene i ei kokebok? Eg hadde tenkt å laga alle smoothiane i smoothie kokeboka mi men det går ganske dårlig. I kveld enda eg opp med blåbær smoothie igjenn (absolutt ein av favorittane). Er blit anbefalt kokeboka til Kari Jackeson (god, enkel og sunn kvardagsmat), så viss eg får den til jul, kansje eg skulle jobba igjennom den, time will show....

mandag 13. desember 2010

Luciakonsert

Eg har vore på luciakonsert i den svenska margaretakyrkan i kveld. Her komme to songa dei song der (opptaket er ikkje der ifrå)



Flott konsert og kjekk gløgg og pepperkake samling hos Maria først.

Og her eit bilde eg laga for lenge lenge sidan. Eg har sydd rundt alle figurane på bildet og mamma har sydd ramma, bakside og lagt vatt inni.



torsdag 9. desember 2010

Marsipan


På søndag var eg å laga marsipan med kjæresten til søskenbarnet mitt. Marsipanen blei god, og me hadde det veldig kjekt. Ein fordel for meg er at eg er ikkje veldig glad i marsipan, så den ligge fint i kjøleskapet og ventar på å bli gitt vekk eller bli sett fram viss det komme besøk.

Eg skolda mandlane, dvs, hadde mandlane oppi ei panna og hadde varn over og kokte opp. Lot det stå og trekka til skalet blei laust. Eg tok av skallet på alle mandlane og lot dei ligga på eit kjøkkenhåndkle og tørka i 6 dagar.

Så malte me me mandlane, me malte tre gongar på mandelhåndkvern. Har ein ei kvern som ein kan mala i ulike finheta kan da holda med to (1 gong på grovt og ein gong på fint).

Bland like masse mandlar og melis (kan vara lurt å holda igjenn litt mandlar til utbakinga/hatt i konditorfarge). Bland isamen mandlane og melisen, tilsett eggekviter litt etter litt (nb., da blir veldig fort for masse, og ein trenge masse mandlar og melis for litt for masse eggekviter). Eg brukte ca 4 på 750 gr melis og 750 gr mandlar. Tilsett romessens (ganske mange dråpar). Kna til marsipanen er klar til å laga figurar av. Tilsett konditorfarge viss du vil ha det. Form figurar eller kjevl ut og stikk ut figurar (som eg gjorde).

Me lagde og noken kuler som me dypte i sjokolade og hadde strø på, men dei har eg vist gløymt å ta bilder av:)

Legg marsipanen i ein tett boks og oppbevar den kaldt.

Eg fekk 1.5 kg marsipan, og då brukte eg ca 4 timar frå ein starta med malinga til ein var ferdig. Medberegna at tante var "kjøkkenassistent" og fant fram ting ein trengte og hjelpte meg med knainga.

lørdag 4. desember 2010

Malaysisk suppe

Haust er suppetid, og mitt hove er gode supper, supper ein har laga frå botn.
For å få denne suppa starte du med å grovhakka 1 stor løk og 1 fedd kvitløk og surra da i olja. Tilsett ein boks med opphakka tomater, 1 ss hot karry og 1 liter grønsaksbuljong. La dette koka i 15 min. Hakk opp 1 boks hermetiske fersken og tilsett det (uten sø) og 3 dl matfløyte/h-melk etter att suppar har kokt i 15 min, la så suppa koka i 5 min til. Steik kyllingfile i bitar og tilsett til slutt.
Eg hadde korianderruter til, dei blei ikkje så luftige som eg hadde trudd, så må "forska" litt meir på den oppskrifta før eg dele den. Kort fortalt er det å tilsette koriander i ein grov gjærdeig og steika den i langpanne og ruta den opp.
Eg har vore på ikea i dag, målet var nytt korgstativ til skyvedørsgarderoben og list til å setta bilder på. Etter å ha snakka med ikea-mannen og pappa, fant eg ut at det blei for komblisert for meg å båra i betong osv, så då blir bildene hengt opp ett og ett i staden.
I staden kjøpte eg nattbord med hjul og lampe.
Borde må lett kunna flyttast for å komma inn i garderoben, og med samme problematik som med bilder, passa ein bordlampe perfekt. Sengeteppet er arva frå farmor-
Eg selde bilen i mars, og har skrytt litt av at eg ikkje har savna den ein dag, men i dag gjorde eg da. Det går greit så lenge ein er inne på butikken og har alt oppi ei korg, komma seg inn på ikea bussen gjekk og greit. Men frå ikeabussen og bort til drosjeplassen hadde eg store problem. Og til min store glede var det ein narkoman som oppdaga meg. Han kom bort og hjelpte meg. Til vanlig går eg fort forbi dei narkomane og holde litt ekstra godt på veska. Men i dag når eg trengde hjelp, fekk eg ein koselig samtale med ein narkoman. Har tenkt på det etterpå, at når eg trengte hjelp var det greit å ta snakka og ta imot hjelp, men til vanlig ville eg sett ned på han.
......................