mandag 20. desember 2010

Varmepute trekk

Viss du syns det er litt lite håndarbeid her for tida, har eg ikkje slutta med da. Men holde på med siste innspurt på julepresangane og da er ting eg har blogga før. Men her komme noko nytt, varmeputetrekk.
Enkel å laga og fin måte å bli kvitt trårestar. Eg har strikka med dobbel Sally (blå) og topp tå.
Eg la opp 70 masker på pinne 7, og strikka fram og tilbake til det ikkje var meir trå (og flaks for meg var det så stor varmeputa var). Felte av, festa tråa, sydde isamen på vranga, tvinna trå, og vips, trekket var ferdig.
Eg har litt (all) for masse trå liggande. Og har tenkt litt på ka eg kan bruka den til, foruten varmepute trekk. Skal eg prøva meg på julekuler, julestrømpe, trekk til kleshengar.
Alpakka tråen skal eg strikka babyteppe av. Har du noken idear?
I går laga eg siste porsjon med brente mandlar. Og her er boksdekoren. Brukte gavepapir og dobbeltsidig teip. Blei litt luftlommer. Boksane til venstre har det vore honning på, og trur da ville blitt vanskelig å festa med lim på metallet. Boksen til høgre har det vore valnøtter på.
Pappa har samla boksar til meg igjennom heile året. Neste år trur eg da blir barnematglass med glassmaling eller dekopasj.
No gjenstår da ett par lommetøfler, så er eg i mål. Kom ut av tellinga i ka eg laga ein gong iløpet av hausten, så har måtta stå på for å bli ferdig med alt i år.
Men det blir noko heimelaga i alle pakkane i år og.

2 kommentarer:

  1. Da var jo noko nytt at du mista oversikten . . . du er i godt selskap.
    Posar med varmeflaske inni er jo god presangide.

    SvarSlett
  2. Da er bra. Har tenkt å laga ett excellark i 2011, kor eg skrive inn når eg er ferdig med å strikka sokka til dei ulike, sånn at eg sleppe å "sprengstrikka" på slutten.

    SvarSlett