lørdag 18. desember 2010

Krema røykelaks og "muffinsformtest"

Eg har testa ut muffinsformer frå ikea. Eg har erfart at små papir muffinsformer gir etter i "veggene" og at muffinsane blir veldig flate. Sist helg laga eg matmuffins, og det er ein ganske tung deig, så var veldig spent på korleis det skulle gå. Men med to former på kvar muffins, gjekk da bra. Så dei formene kan anbefalast. Syns det er fint mønster på formene, og med ein pris på 9 kr for ein pakke med 65 stk er det ein klar favoritt i små muffinsformer. Euroshooper er favoritt innen store. Dei har ikkje mønster, men er best av dei eg har prøvd ut (du ser dei til venstre i bildet). Oppskrift på matmuffinsane eg laga finne du her: www.tine.no/8533.cms


Krema røykelaks (2 porsjonar)
Finhakk ein løk og fres den i olivenolja. Tilsett grovhakka 150 gr sopp og fres den samen med løken. Hell over 2 ss kvitvin (eller eplejus), 1 dl matfløyte og 1 ss grovhakka sennep, la det koka til veska er halvert. Tilsett 100 gram spinat (fråsen fungerte heilt bra)
Tilsett 200 gr røykelaks og kok opp. Server med fullkornspasta.
Smaka god både varm og kald.

I kveld har eg sett filmen Julie og Julia. Ein film alle om er glad i laga mat eller blogge burde sjå. Filmen handla om ei som sette seg som mål å laga alle rettane i ei kokebok (over 500 stk) iløpet av eit år. Alle utfordringane hu møtte i forhold til da og parallellt fulgte me livet til hu som hadde skreve boka. Kansje det skal vara nyttårsforsett, laga alle oppskriftene i ei kokebok? Eg hadde tenkt å laga alle smoothiane i smoothie kokeboka mi men det går ganske dårlig. I kveld enda eg opp med blåbær smoothie igjenn (absolutt ein av favorittane). Er blit anbefalt kokeboka til Kari Jackeson (god, enkel og sunn kvardagsmat), så viss eg får den til jul, kansje eg skulle jobba igjennom den, time will show....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar