lørdag 4. desember 2010

Malaysisk suppe

Haust er suppetid, og mitt hove er gode supper, supper ein har laga frå botn.
For å få denne suppa starte du med å grovhakka 1 stor løk og 1 fedd kvitløk og surra da i olja. Tilsett ein boks med opphakka tomater, 1 ss hot karry og 1 liter grønsaksbuljong. La dette koka i 15 min. Hakk opp 1 boks hermetiske fersken og tilsett det (uten sø) og 3 dl matfløyte/h-melk etter att suppar har kokt i 15 min, la så suppa koka i 5 min til. Steik kyllingfile i bitar og tilsett til slutt.
Eg hadde korianderruter til, dei blei ikkje så luftige som eg hadde trudd, så må "forska" litt meir på den oppskrifta før eg dele den. Kort fortalt er det å tilsette koriander i ein grov gjærdeig og steika den i langpanne og ruta den opp.
Eg har vore på ikea i dag, målet var nytt korgstativ til skyvedørsgarderoben og list til å setta bilder på. Etter å ha snakka med ikea-mannen og pappa, fant eg ut at det blei for komblisert for meg å båra i betong osv, så då blir bildene hengt opp ett og ett i staden.
I staden kjøpte eg nattbord med hjul og lampe.
Borde må lett kunna flyttast for å komma inn i garderoben, og med samme problematik som med bilder, passa ein bordlampe perfekt. Sengeteppet er arva frå farmor-
Eg selde bilen i mars, og har skrytt litt av at eg ikkje har savna den ein dag, men i dag gjorde eg da. Det går greit så lenge ein er inne på butikken og har alt oppi ei korg, komma seg inn på ikea bussen gjekk og greit. Men frå ikeabussen og bort til drosjeplassen hadde eg store problem. Og til min store glede var det ein narkoman som oppdaga meg. Han kom bort og hjelpte meg. Til vanlig går eg fort forbi dei narkomane og holde litt ekstra godt på veska. Men i dag når eg trengde hjelp, fekk eg ein koselig samtale med ein narkoman. Har tenkt på det etterpå, at når eg trengte hjelp var det greit å ta snakka og ta imot hjelp, men til vanlig ville eg sett ned på han.
......................

1 kommentar:

  1. Hei - så utrolig deilig suppe - jeg liker slike asiatiske supper med litt sting i:) Og- det hørtes også som om du på så mange måter hadde hatt en fin IKEA-opplevelse også - godt med hjelp fra de man kanskje minst aner:)
    Knekkebrødoppskriften som jeg bruker, har jeg funnet på bloggen til Silje-sin. Jeg har erstattet 1 dl av den grove sammalte rugen med 1 dl quinoa-frø. Disse knekkebrødene blir kjempegode - og er jo veldig sunne:)
    Ha en fin kveld - hilsen fra Bente.

    SvarSlett