mandag 31. desember 2012

 
 Hei og god jul og godt nyttår. Me har hatt ei fin feiring og har fått masse fint.
 
 
I mårå startar nytt år med nye mulighetar. I går laga eg frukostblanding og dansk rugbrød som ett bidrag til å få ein sunnare januar enn desember.
 
Frukostblandingen blei laga av det eg hadde i skuffa
250 gr havregryn, restane fra gløggen (mandlar og rosiner), ein boks valnøtter, 1 dl solsikkekjerne, 1 dl linfrø og litt gresskarkjerne.
 
I ein lita panne smelta eg 1 ss smør og hadde oppi 1 ss honning, 1 ss brunt sukker og 1 dl appelsinjuce.
 
Eg blanda det tørre og det våte og la oppi ei langpanne. Steikte på 150 gr i 50 minutt og rørte rundt kvar 10 minutt.
 
 
 
Rugbrøda er laga av "pakke" frå møllers.
 
Eg vil ønske deg som kikkar innom ei fin nyttårsafta. 

lørdag 22. desember 2012

Våre julekjeks

 
Våre 7 slag:
 Sjokoladekjeks
 
 
Peppernøtte
 
 
Berits brune pinna
 
 
Kokosmakroner
 
 
 Krumkaker
 
 
Biscotti
 
 
Serinakaker
 
Det er ikkje vanskelig å få sju slag når ein er tre stykk som bake i lag, og alle lage 2 typar kvar:)
 
 


søndag 16. desember 2012

Chilikylling med mynte, koriander og lime

 
 
Skjær kyllingfile i små bita.
 
Vask og rens ein paprika og skjær den i mindre terningar. Skrell og skjær rødløk i mindre terningar. Vask sukkerertene og skjær dei i to.
 
Kok eggenudlar etter anvisning på pakken
 
Steik løken i olje i 4-5 minutt i olje, tilsett kyllingen, steik vidare i 2-3 minutt og smak til med salt. Tilsett kvitløk, sukkererter, paprika og chili og steik i 4 minutt
 
Ha over 1 ss limesaft, 0,5 dl soyasaus (til to persona), frisk mynte og koriander.
 
Bland inn nudlane og server
 
 
Enjoy!

onsdag 12. desember 2012

Førjulstid

Eg er heldig, har fått 2 pakkeadventskalendera og 1 adventssøndag kalender med masse fint:) 
 
 
Me starta desember med å vara sjuke. Og etter at me blei friske var det veldig kaldt ute, men når sola kikka fram i helga og temperaturen var oppe i -8 fekk me hengt opp lys ute og fugleneket. Inne har me bestemt oss for å ikkje ha juletre sidan me skal vekk i jula. Men noken englar
 
og nissar har komt fram.
 
 
Ha ei fin førjulstid:)
 
 


søndag 9. desember 2012

Banankake, bollebamse og smikker :)

I dag skal me i 1 års dag og eg har tilbudt meg å laga kake. Når eg var på loppemarked kjøpte eg boka "Hurra for Deg!", med masse stilige barnekaker, og eg måtte jo ha ein anledning til å bake ein av dei:) Eg starta med å sette ein gjærdeig og erstatta melk med vatn for ein av gjestene har melkeallergi. Etter at deigen var heva kom eg på at hu kan ikkje eta smør heller, så då sette eg i gang bakeprosjekt banankake. Siden eg ikkje fant oppskrifte på anna enn sjokoladekake uten melk og smør (og klokka var 22 og eg kunne ikkje gå å kjøpe smør uten melk), laga eg mi egen oppskrift på banankake. Har aldri laga banankake, så det blir spennande å smake.
 
 
Bland 5 dl kveitemjøl, 3 dl sukker, 1 ts vaniljesukker, 4 ts bakepuler. Tilsett 1,5 dl vatn, 1 dl olje, 2 moste bananer og 3 egg. Visp alt samen til ei klumpefri røre og hell i 24 cm kakeform og steik på 175 grader i 60 minutt.
 
Eg har pynta kaka med melisglasur (melis, vatn og sitron). Juletre er pynta med lavendelkuler fra Henningssvær, grønt dryss fra USA og blomster fra Rema 1000.


Bollebamse laga av gjærdeig på ca 2 liter kveitemjøl, den blei litt større enn eg hadde trudd så går fint ann og laga mindre deig eller mange små. Ein bollebamse blir laga ved at du trille ei stor bolle til kropp og ein litt mindre bolle til hove og legge dei på ei plate dekka med bakepapir. Trill 4 små boller til arma og bein, og 3 som er enda mindre til øyre og nasa. Etterhev bamsen og pensla den med sammenvispa egg før den steikes på nederste rille ved 225 grader i 20-30 minutt. Avkjøl bamsen og fest nonstopp med litt melis. På buksa er det kakeglitter (samme som på juletreet).
 
Og til slutt, presangen:



Heimesydde smikker. Fekk ferdig trykte smikker som mamma har vatert, har kløpt ut og sett på skråband.
 
Ha ein fin søndag!