I dag skal me i 1 års dag og eg har tilbudt meg å laga kake. Når eg var på loppemarked kjøpte eg boka "Hurra for Deg!", med masse stilige barnekaker, og eg måtte jo ha ein anledning til å bake ein av dei:) Eg starta med å sette ein gjærdeig og erstatta melk med vatn for ein av gjestene har melkeallergi. Etter at deigen var heva kom eg på at hu kan ikkje eta smør heller, så då sette eg i gang bakeprosjekt banankake. Siden eg ikkje fant oppskrifte på anna enn sjokoladekake uten melk og smør (og klokka var 22 og eg kunne ikkje gå å kjøpe smør uten melk), laga eg mi egen oppskrift på banankake. Har aldri laga banankake, så det blir spennande å smake.
Bland 5 dl kveitemjøl, 3 dl sukker, 1 ts vaniljesukker, 4 ts bakepuler. Tilsett 1,5 dl vatn, 1 dl olje, 2 moste bananer og 3 egg. Visp alt samen til ei klumpefri røre og hell i 24 cm kakeform og steik på 175 grader i 60 minutt.
Eg har pynta kaka med melisglasur (melis, vatn og sitron). Juletre er pynta med lavendelkuler fra Henningssvær, grønt dryss fra USA og blomster fra Rema 1000.
Bollebamse laga av gjærdeig på ca 2 liter kveitemjøl, den blei litt større enn eg hadde trudd så går fint ann og laga mindre deig eller mange små. Ein bollebamse blir laga ved at du trille ei stor bolle til kropp og ein litt mindre bolle til hove og legge dei på ei plate dekka med bakepapir. Trill 4 små boller til arma og bein, og 3 som er enda mindre til øyre og nasa. Etterhev bamsen og pensla den med sammenvispa egg før den steikes på nederste rille ved 225 grader i 20-30 minutt. Avkjøl bamsen og fest nonstopp med litt melis. På buksa er det kakeglitter (samme som på juletreet).
Og til slutt, presangen:
Heimesydde smikker. Fekk ferdig trykte smikker som mamma har vatert, har kløpt ut og sett på skråband.
Ha ein fin søndag!
Tusen hjertelig takk for lekker bakst og smikker!!! Du e heilt utrulig flink til å lage saker!! Smikkene blir flittig brukt, og M sitte og kikar på motiva og fargane. Blei en flott bursdag med gode venner :-)
SvarSlettHilsen #B