onsdag 30. mars 2011

Pasta med røkelaks, brokkoli og fløyte

Har laga denne enkle og gode middagen tre gongar no, alt du trenger er til to store porsjonar er:

pasta (1 pakke fersk eller 200 gr tørr)

1 brokkli

300 gr røykelaks i små bitar

0,75 dl matfløyte

grovmalt pepar


Dersom du bruke fersk pasta, start med å kok brokkolien, kok pastaen. Steik røyelaksen lett, tilsett pasta, brokkoli og fløyte. Smak til med pepar.


Dersom du bruke tørr pasta, ha brokkolien oppi dei 5 siste minutta av koketida på pastaen.


Smakar ekstra godt med litt parmasan oppå:)

fredag 25. mars 2011

Sitteunderlag

Restetovetråen min er blitt til sitteunderlag. Da er alltid spennande å tova, kor stort blir resultaet osv. Men dinna gongen var det spesielt spennande, for eg var ikkje sikker på at all tråen var tovetrå. Men foruten nederst på da øverste sitteunderlaget var det tovetrå:) Har sett mange som har tova sitteunderlag, men fortald om at dei har begrensa bruksområde for dei fort blir skitne osv, så eg har laga min egen patent (har ialefall ikkje sett andre som har gjort da samma før). Eg har sydd da tova underlaget, på eit vanlig underlag. Brukte bomustrå og sydde ca ein cm frå kanten. Underlaga eg tova blei ikkje akuratt lika store som dei eg skulle sy dei på, så eg klipte vekk det som var for masse (tida vil visa om eg burde siksakka på symaskinen der eg har kløpt).
Eg starta på underlaga i januar for dei skulle vara ferdig i god tid til soving under åpen himmel i mars. Men når eg skjønte da ikkje blei noko av utesovinga for min del, dalte motivasjonen for å få dei ferdige. Men no er dei ferdige og er blit testa ut på ein benk i parken og fungerte godt til fomålet.

I dag har eg hatt lunchbesøk ifrå noken på jobben, dei hadde med desse fine tulipanane:)
Tulipanar er så fint, og lilla er jo min "favoritt" farge, tusen takk!
God helg!

søndag 20. mars 2011

Knekkebrød

Eg laga desse knekkebrøda for ei tid sidan, som no desverre er åtne opp (desverre for dei var veldig gode med kvitost på).
Du trenge:
3 dl sammalt grov rug
3.5 dl havregryn
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1.5 dl kruskakli
0.5 ts sal
7 dl kaldt vatn
Bland alt samen. Smør deigen utover 2 (eg brukte 1 og fekk tjukke) steikeplater med bakepapir. Det står strø på salte og rista gresskarkjerer, men min anbefaling er å pressa dei litt nedi. For hos meg datt alle gresskarkjernene av når eg la knekkebrøda oppi ein boks. Steik på samme måte som knekkebrøda eg har lagt ut oppskrift på før (under samme etikett).
Eg har fått meg eit bekjentskap som er veldig glad i scampi. Eg har ingen erfaring med scampi så testa ut oppskrifta som du finne linken på under i går. Smaka godt, men mine scampi blei desverre litt for steikte (lagt den finaste sida opp på bildet:))
http://snakk.klikk.no/Oppskrift/Spagetti+med+scampi/10916318
Takk for fine kommentarar om jakka eg har strikka. Og ja, no har eg fått meg nyt kamera:) Så no krysse eg fingra for at kroppen snart skal gå ut av streiken, slik at eg både kan få komt meg meir ut i da fina været, få energi testa ut nye matoppskrifter og ikkje bli så anspent av håndarbeid. Mange ønsker på ein gong, men etter 3 veker sjukemeldt, "drømme" ein om å kunna gjennomføra ein vanlig kvardag uten smerter.
Ha ei fin veka!

torsdag 17. mars 2011

Veksejakka

Sånen til ei eg jobba med tidligare er blitt 1 år, "jentegjengen" skulle egentlig i 1 års dag for noken veker sidan, men den blei avlyst for vår del pga sjukdom. Ingenting er for vondt til at det ikkje er godt for noko, for jakken hadde ikkje vore ferdig då, men når me var der på onsdag var den ferdig og den kunne overleverast. Oppskrifta er henta frå "Nøstebarnboka". Jakka er strikka på tjukke pinnar med tynn trå for at den skal bli elastisk og ein skal kunna veksa i den.
Eg har strikka i Baby Merino, knappane komme frå Du store alpakka. Dei to nederste knappane kom litt for tett, neste gong skal eg vara litt meir nøyen med utregninga i forhold til knappehåla. Størrelse 1-2 år.
Jakka er strikka i ett stykke. Det var ein liten iq-test for meg å skjønna kordan ein skulle gjera det. Det var ingen problem når eg hadde ein strikkedesignar i naboleiligheten. Hu teikna og forklara, og når eg først hadde skjønt da, var det ei veldig enkel og kjekk jakka og strikka.

Og til slutt, eit lite vårtegn. Har desverre ikkje sett snøklokker i Oslo enda, men var noken dagar på vestlandet, og der er naturen litt meir klar for vår. Her snør da i dag.
God helg!