søndag 20. mars 2011

Knekkebrød

Eg laga desse knekkebrøda for ei tid sidan, som no desverre er åtne opp (desverre for dei var veldig gode med kvitost på).
Du trenge:
3 dl sammalt grov rug
3.5 dl havregryn
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1.5 dl kruskakli
0.5 ts sal
7 dl kaldt vatn
Bland alt samen. Smør deigen utover 2 (eg brukte 1 og fekk tjukke) steikeplater med bakepapir. Det står strø på salte og rista gresskarkjerer, men min anbefaling er å pressa dei litt nedi. For hos meg datt alle gresskarkjernene av når eg la knekkebrøda oppi ein boks. Steik på samme måte som knekkebrøda eg har lagt ut oppskrift på før (under samme etikett).
Eg har fått meg eit bekjentskap som er veldig glad i scampi. Eg har ingen erfaring med scampi så testa ut oppskrifta som du finne linken på under i går. Smaka godt, men mine scampi blei desverre litt for steikte (lagt den finaste sida opp på bildet:))
http://snakk.klikk.no/Oppskrift/Spagetti+med+scampi/10916318
Takk for fine kommentarar om jakka eg har strikka. Og ja, no har eg fått meg nyt kamera:) Så no krysse eg fingra for at kroppen snart skal gå ut av streiken, slik at eg både kan få komt meg meir ut i da fina været, få energi testa ut nye matoppskrifter og ikkje bli så anspent av håndarbeid. Mange ønsker på ein gong, men etter 3 veker sjukemeldt, "drømme" ein om å kunna gjennomføra ein vanlig kvardag uten smerter.
Ha ei fin veka!

1 kommentar:

  1. Hei - ja, er ikke hjemmebakte knekkebrød de aller beste - her er det krise hvis boksen er tom (og det er den nå!) - heldigvis raskt å lage:)

    Scampi - mmmm - heller ikke feil:)

    God kveld til deg fra Bente.

    SvarSlett