fredag 21. juni 2013

Pølsesalat

 Salat høyrer sommaren til, og her er ein ny variant med pølse i.
Til ei stor skål til 4 personar trenge du:
600 gram røykt kjøttpølse
1 tube lett majones
lettkokt makaroni
4 små gullerøtter
1 crispi salat
1 løk
1 boks mais
salt og pepar
Kok makaroni til 4 personar etter anvisning på pakken. Skjær pølsene i små båtar og løken i små bitar. Steik løken og tilsett pølsene når løken er blitt gyllen.
Bland majonesen med kokt makaroni, høvla gullerot, mais og crispi salat i små bitar . Bland saman og smakt til med salt og pepar.
Ha pølsene på toppen av salaten og server.
Ha ei fin helg!

fredag 14. juni 2013

Nøtteparafait


I går hadde min mann bursdag, og me benytta anledningen til å ta i bruk bake it easy kakeforma me fekk til bryllupet.
Du trenge:
6 egg
375 gr sukker
300 gram mandlar
1 ts vanlinjesukker
4 dl kremfløyte
Mal mandlane. Skill egga. Stivpisk kvitene, tilsett 250 gram sukker. Vend inn dei malte mandlane. Fyll halvparten av mandelmarengsen i den smurte forma (22 cm i diameter). Steik på nederste rille i varm steikeovn på 220 grader i ca 10 minutt til botn er lys gyllen.
Parfait
Visp eggeplommene med resten av sukkeret og vaniljesukkeret til ein luftig og kremaktig eggedosis. Visp kremen og bland med eggedosisen. Vend dette inn i resten av mandel marengsen. Hell massen øve den avkjølte mandel botn og frys.
Server med blåbær og kjærlighetsfurkt.

Ha ei fin helg!

søndag 9. juni 2013

Bryllup


 
Sidan sist har me hatt ei kjempefin bryllupsfeiring 3 dagar til ende og ei flott bryllupsreise (4 dagar i New York og ei veka på cruse i Caribien).


 
Bryllupskaka laga Hellerud gård, pynten laga eg. Alle kakene var dekka med kvit sjokolade, den eie kaka var sjokoladekake, den andre sukkerbrød og den siste fromasjkake.