fredag 30. oktober 2009

Omelett

Denne omeletten hadde eg til middag i dag, enkelt og godt. I dag hadde eg bacon, kokt potet, løk og rukolasalat i den. Men her er det kunn fantasier og ka ein har i kjøleskapet som sette grenser. Ost, kjøttdeig, tomat, paprika, pasta, champingjong er andre ting er noken forslag til andre ting ein kan ha oppi, og som eg syns er godt.

Eg starta med å legg bacon i ei lita ildfast form og hadde det inni steikeovnen på 200 grader til det hadde begynt å få farge, så tok eg oppi dei øvrige ingrediensane. Så laga eg ei blanding av tre egg og tre ss melk som eg helte over (til ein veldig svulten person).
Og resultatet av 20 min på 200 gr er:
Nam, nam...
Når ein steike omeletten i steikeovnen kan ein regulere steiketid og temperatur etter kor tjukk omeletten er, og ein er garantert å få gjennomsteikt omelett.

onsdag 14. oktober 2009

Tykia

I mårå forlate eg Oslo. Nattefrost, hektisk periode på jobben, leilighet som ikkje er heilt ferdig og reise til Club Vera Paraiso Verde i Antalia i Tyrkia. Blir deilig å komma ned i varmen, nyte 5 stjernes hotell, med spa, basseng, sol og god mat.








Bildene er henta fra hotellets heimeside www.paraisoverde.com.tr
Komme tilbake med egne bilder når eg er tilbake, ha det fint så lenge.


søndag 11. oktober 2009

Gryteklutar

Har strikka to sett med julegryteklutar, oppskrifta er den en la ut den 6 september.

Flytting er ein fin mulighet til å få rydda opp i ting, og kansje kvitte seg med noko. Til min store overraskelse hadde eg 4 store eske med hobbyting, så no er det total kjøpe stopp. Til all tråen i to 70 liter kassar er strikka opp. No er det 8 nøste mindre i den eie kassen :)

tirsdag 6. oktober 2009

Firkløver kaka

Nam, bestemor si firkløverkaka. Denne laga hu til meg når eg var på Bømlo og feira 25 års dagen min for nokre veke sida. Trenge du ei kaka som både små og store munna like, er denne perfekt. Her er oppskrifta, 24 cm form.

125 gr smør
1 plata dronning sjokolade
5 egg
250 gr sukker
125 gr mjøl
1 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggedosis.
Smelt sjokoladen og smøret.
Ha de "tørre" oppi eggedosisen, og tilsett den smelta massen.

Steik kaka på 175 gr i 45 min

Fyll
2 kp melis
1 kp fløyte
1/2 kopp meierismør
200 gr firkløver

Kok opp melisen og fløyten og rør inn dei andre ingrediensane, rør/vent til fylle har fått passe tjukkelse.

Bestemor mi seie at ein kan ikke koka suppa på ein spiker, og med å lesa ingrediensane her, skjønne ein det blir godt, for her er det lite "spiker".

mandag 14. september 2009

Fiskegarnsmykke

Eg henta inspirasjon til å laga dette smykket fra boka til Tone Rørseth, Lag vakre smykker. Hu hadde henta inspirasjon fra farens fiskegarn, og eg fra det yrande livet som er i sjøen, som eg ser kvar gong eg er på vestlandet. Det er fasinerande å sjå korleis ei brennmanet forflytte seg. Og dei er flotte å sjå på, så lenge ein sleppe å vara borti dei. Smykke er laga ved å hekla tynn kobbartrå og festa perler på.







fredag 11. september 2009

Eg har vore heima fra jobb i to veker no, eit virus som herje rundt i kroppen og har gitt meg alle symptom på influensa (bortsett fra feber), og ein nakke, hove og skulder/rygg som streike. Eg er vant til å vara veldig aktiv, så vore ein tolmodighetsprøve for meg, men har sikkert hatt godt av å senka pulsen litt. Går heldigvis rette veien no, og skal på jobben igjenn i mårå.



Til vanlig drar eg på fleire mil lang søndagstur på sykkelen, men no har eg rusla rund kvartalet, og det som er positivt med det, er at ein ser meir av det ein går forbi, sånn som desse raunebæra. Eg syns dei er så fine, og det er så masse av dei i år.



Ellers skjer da store endringar i livet mitt, 20 september overtar eg nyinnkjøpt leilighet på Carl Berner i Oslo. Har budd i Buskerud i fire år no, men eg og kjæresten min skal skilla lag og jobben er i Oslo, flytte eg dit.



Leiligheten eg har kjøpt består av ein 1 roms og ein 2 roms, skal leiga ut 1 romsen. Trenge du eller kjenner du noken som trenge tak over hove, stikk innom: http://www.zett.no/bolig__til_leie.html?objectId=1671375



Ellers tar eg mot råd og tips om å bli "byjenta". (Hobbyklubbar/kurs, kafear, menighetar, trimtilbud osv osv).

Blå smykker

Eg mangla noken svarte perler, resultatet blei svart , grønn og blå perlemix fra tua13 på qxl. Men syns eg gjorde eit godt kjøp, kvar mix var på 300 gr, og i tillegg fekk eg to anheng, og betalte ca 140 kr.
Fint og enkelt smykke, anhenget fra den blå perlemixen.

Var innom ein smykkebutikk for å hente inspirasjon, resultatet blei dette. Smykket er sett samen av mange stavar og med hjertelås framme på smykket.

Blå var i mange år min "favorittfarge", men i den grad ein har ein "favorittfarge" etter å ha pasert tjue, er den no lilla. Kjekt å laga noko i ein farge som ein har likt så godt og hatt som farge på rommet, klær, interiør osv.

Noken som kan tipsa om kjekke blogga med perleting på?