lørdag 12. februar 2011

Jentemiddag

Eg har hatt besøk av noken av dei kjekke kollegaene eg hadde i min første jobb. Me er fira jenter om møtes innmellom, og eg brukte muligheten til å laga ein tre retters middag.
Forrett: Rødbetsalat på brød med lav GKI
Rødbetsalaten består av: 1 glass sylta rødbetar, 2 grønne epler, 1/2 purre eller vårløk, 3 ss majones, 3 ss matfløyte, 1 ss rødbetlake, 1/2 ts salt, 1 ts sukker.
Slå laken av rødbetane og hakk dei i små terningar (etter å ha vore rød på hendene i to dagar, skal eg bruka eingongshanskar neste gong), gjer da samme med eplene og purren.
Bland majones, fløyt og rødbetlaken og tilsett dette. Smak til med salt og sukker.
Oppskrifta på brødet har eg lagt før, og du finne det under kategori grov bakst.
Hovedrett: potetpai med egg og bacon
Riv 7-8 poteter grovt på rivgjern og legg dei i kaldt vatn i ca 10 min, slik at du blir kvitt noko av stivelsen. Press ut så masse vatn du greie og bruk kjøkkenpapir på slutten. Ha poteten i ei bolle og bland inn 6 ss smør og 1 ts salt. Klem potetene ut i ei paiform og steik i 45 min (eller til det ser gyllen og sprø ut). 220 grader i forvarma steikeovn.
Bland isamen 9 egg, 11 ss melk, 3 ss rosmarin, litt peppar. Bland inn 12 skiver steikt bacon, 2 dl ost og 1 hakka løk. Ha denne blandinga oppi deigen når den er ferdig og steik vidare i 20-25 min.
Desser: sjokoladepudding med vaniljesaus.
Sjokoladepuddingen er heimelaga og er bestemor si "hemmelige" oppskrift. Eg burde hatt oppi lit meir maisena. Tiltross for feil konsistens smaka den veldig godt.
Ha ei forsatt fin helg!
NB, har du sett at eg har "rydda" på bloggen. Eg har gått vekk fra kategorien mat, og har begynt å dela inn etter søtt, salt, smoothie, grov bakst osv. Syns da blei lit lettare å finna igjenn oppskrifter då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar