tirsdag 29. november 2011

Adventslys og sirupssnippar

Inspirert av ein adventsstake eg såg i et ukeblad har eg laga min eigen variant.

Lilla kuler i to størrelsar og i ulike lillafargar. Lys med tall og to med englar. Fatet har oldemor mi hatt. Med kubbalys, kan ein brenna så masse lys ein vil iløpet av adventstida:)



Så tenner vi ett lys i kveld.

Vi tenner det for glede.

Det står og skinner for seg selv

og oss som er til stede.

Så tenner vi et lys i kveld.

Vi tenner det for glede




Og så sirupssnippane.... Som du ser gjekk ikkje det heilt etter planen, eller rettare sakt, dei blei gode, men er for tjukke for store og litt misforma. Men etter å ha snakka med bestemor i dag, som har laga dette sikkert 70 gongar og sa det var vanskelig, er dette ok resultat første gong:)


Til ca 70 store og tjukke trenge du: 200 gr smør, 3 dl sukker, 4 ss sirup, 2 dl vatn, 1 ts ingefær, 2 ts kanel, 1 ts malt nelikk, 1 ts kardemomme, 0,5 ts pepar, 1.5 ts natron, 7 dl mjøl.


Rør smør, sirup og sukker kvitt og luftig. Tilsett vatn, krydder, natron og mesteparten av mjølet. Deigen skal vara smidig. Sett deigen kaldt, minimum 2 timar.


Kjevl ut deigen (nb mjøl under), så tynt som mulig men mulig å ta opp av bakeunderlaget. Skjær ut med snippane, med hjul med bølgemønster. Legg på bakeplate og ha på ein halv skolda mande. Steik på 200 gr i 6-8 minutt. Avkjøl på rist og oppbevari tett boks.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar