Etter ei veka med "kantineprega" mat i Kroatsia, smakte denne pastasalaten som ein delikatesse når eg kom heim (kansje mest for eg hadde lyst på salat, og ikkje berre måtte ta noko for å bli mett)
Til fire personar treng du dette:
250 gr tørre pasta skrua
1 boks bogskinke i bitar
150 gr steikt bacon i små bitar
1 paprika
1 boks mais
1 stor hjerte salat
1 pakke sukkererter
Bland 4 ss pesto, 4 ss majones (lett), 4 ss cream fresh (lett).
Rør inn pesto blandinga i salaten.
Årets solbær, ca 500 gram. Skal bli godt å bruka i pai, syltetøy eller kansje ein smoothie.
Freia boksen i bakgrunn har ein gong for lenge, lenge sidan inneholdt drops. Den har vore på bestemor sitt kjøkken i alle år, men no har den fått plass i min vinduskarm og minne meg om hu.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar