lørdag 8. september 2012

Eplekaka med epler frå eigen hage

 
Med ett epletre som bognar av eple i hagen, er det blitt 3 eple kaker på 2 veker

 
 
Denne hadde eg med meg på jobben i går.
 
Til ei 22 cm form treng du dette (eg ganga med 3 til lita langpanne og med 2 til 26 cm form)
 
2 egg
1,5 dl sukker
50 gr smør
1,5 dl lettmelk
3 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
epler i tynne skiver (eg brukte 4 av vår størrelse)
1 ms perlesukker
1 ts kanel
 
Pisk stiv eggedosis av egg og sukker
 
Slå i smelta smør og mjølka
 
Sikt på kveitemjøl med bakepulver, bland alt med slikkepott
 
Slå røra i smurt form (eller med bakepapir)
 
Fjern kjernehusa og skalet på eplene og del dei i tynne båtar. Legg båtane i ett fint mønster oppå røra og strø sukker og kanel oppå (nb, eg ordna epla først. Dersom ein bruke rundt form, vil røra sige ut av forma mens ein skreller eplene)
 
Steik kaka på 175 gr i 40 minutt. Når den er ferdigsteik, la den stå i forma i 5 minutt, før du kvelver den på ei rist.
 
Denne helga er avsett til å laga hobbyrom, noko som er svært savna. Me skal montere kjøkkenskap og skuffer og ha under ein kjøkkenbenk slik at me får utnytta eit lite rom best mulig og får oppbevaringsplass til alle hobbyane våre. Monteringa har gått bra, men skuffelsen var stor (iallefall for meg) når me hadde fått opp alle skapstammene og tatt inn benkeplata i går. Der er ein koblingsboks og kontakt som må flyttast, og 2 nye kontaktar lagast. I tillegg bør lista fjernast og ein bør legga ledningane ein anna plass. Mao, me trenge ein elektrikar! Og med masse esker og andre ting som var på det rommet midt i stova, blei eg ikkje veldig glad. Men sett i perspektiv har eg måtte tømme alle eskene mine etter at me flytta for å finna den eine tingen eg treng, så eg skal nok greia det litt til :) og er me heldige får me samme elektrikar som sist, som både komme raskt og har ok prisa.
 
Ha ei fin helg!
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar