fredag 1. mars 2013

Mariusgenser

Endelig blei Marius genseren ferdig! Eg starta i sommar, det gjekk veldig sakte utover hausten for eg skulle strikka i skjul men etter å ha gitt den halvferdig i julepresang har det gått litt fortare. Eg har ein tendens til å strikka stramare når det er mønster, men denne gongen har eg auka ein halv pinnestørrelse, og då gjekk det bedre. Oppskrifta er frå Sandnes garn (tema 15 voksen). Eg har strikka i sandnes mini alpakka, tynn trå og strikka i, men behagelig genser å ha på.
Han som har fått den har brukt den kvar dag i ei veka no og skryt stadig, kjekt:)

2 kommentarer:

  1. Ikke sant! Den er med meg på jobben nå! Så snart har jeg gått med den 1 1/2 uke i strekk! hmm på tide med en vask?

    SvarSlett