Det er ekstra godt med salat om sommaren, og den du ser bilde av over kosa me oss med ute i sola.
Salaten er inspirert av denne oppskrifta. I tillegg hadde me oppi agurk, soltørka tomater , fullkornsnudlar og sukkererter. Me erstatta vårløken med gresløk frå hagen:)
Ananas deser
Til denne super gode og enkle deseren trenge du ein ananas (til 3 personar), litt melis og litt mynte.
Skrell og skjær ananasen i bitar (ta vekk "stilken" i midten), legg ett lag med ananas, ha oppå finhakka mynte og litt melis (bruk dørslag). Eg hadde tre lag med ananas og avslutta med melis og mynte.
Det blir ekstra godt om du har litt kesam med vanilje eller lime til.
Enjoy!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar