Det er mange gode "håndlaga" knekkebrød i butikken, men ingen blir så gode som dei du lagar sjølv.
Og når du laga dei sjøl, har du full kontroll på ka du har oppi. Eg har laga knekkebrød før, men disse er veldig enkle å steike. Dei to siste vekene har vore prega av sjukdom, først den eine og så den andre og så den tredje, men forhåpentligvis sleppe me ein ny runde. Eg hadde målt opp alle ingrediensene før eg blei sjuk, og då blei det knekkebrød ved 5 minutts jobb i går.
Til to brett (ca 40 knekkebrød) trenge du:
4 dl grovbakst
4 dl lettkokte havregryn
1 dl solsikkekjerne
1 dl gresskarkjerne
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1 terning kyllingbuljong
7 dl vatn
Bland alle dei tørre ingrediensene. Varm opp litt av vatnet og rør ut buljongen. Bland det våte og det tørre. Smør papiret med olje. Ta deigen utover to steikebrekk (om du har litt små steikebrett kan det bli litt til overs). Del opp i ønska størrelse på knekkebrøda med pizzarulle eller slikkepott. Sett inn begge bretta i forvarma ovn på 180 grader (varmluft). Etter 25 minutt tar du det øverste brettet nederst og motsatt. Etter 50 minutt slå av ovnen og sett opp døra halvveis, og vent mist 10 minutt før du tar knekkebrøda ut av ovnen.
Lykke til
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar