søndag 23. mars 2014

Barnedåp og glutenfri og laktosefri snopekaka.

 Sist søndag hadde me barnedåp. Samme prest som via oss, døypte lillegutt. Familien deltok med lesing, bønner, lystenning og song under gudstjenesten. Dagen blei feira på Thon hotell Triaden.
Temaet var bilar, og dei samme bilane gjekk igjenn på bordkort og invitasjor. Serviettane hadde og bilar. Til "middag" var det smørbrød.
Og så hadde me kaker, sjokoladekaka, boller, snopekaka og marsipankaka. Med 15 gjester (inkludert 2 babyar var det nok kaker;)).
 Gluten og laktosefri snopekaka
Til ei 26 cm kakeform trenge du dette:
6 eggekviter, 375 gram melis, 1 ts fin glutenfri mjølblanding, 3 ts bakepulver, 150 gram grovhakka mandlar og 150 gram grovhakka peanøtter.
 
Stivpisk eggekviter og melis (eg var litt bekymra i starten for at det ikkje skulle bli stivt. Men det blei stivt, det tok berre litt lenger tid enn når ein piske kviter uten melis;))
 
Steik i rund smurt form i 40 minutt på 175 grader.
Avkjøl
 
Smelt 150 gram økologisk sjokolade i vannbad (eller anna sjokolade uten laktose) og ha det oppå kaka. Avkjøl.
 
Lag gul krem av 6 eggeplommer, 100 gram sukker og 2 dl laktosefri kremfløyte.
Rør alle ingrediensane samen og kok i 2-3 minutt (blandinga skal tjukne).
Rør inn 100 gram smør uten melk når kremen er ferdig og koka.
 
Ha den gule kremen oppå sjokoladen, sett kaka kaldt.
 
Før servering piskes 3 dl laktosefri kremfløyte og has oppå kaka. På toppen skal ein ha friske bær.
Kaka blir ekstra fin om ein har fløyten i sprutepose og ein pynte den slik som Triaden hotell gjorde for oss.

Marsipankaka med bilde av lillegutt, navn og datoen han blei født.
 
Ein kjekk dag!
Ps. Triaden hotell kan anbefalast.
 

fredag 14. mars 2014

Søtpotet i ulike variantar

 Søtpotet er ein ny favoritt grønnsak for dei vaksne i huset. I selskap med persillerot, almodi poteter  og koteletter gir det ein kjempegod søndagsmiddag. Søtpoteta har samme farge som gullerot, men er mykje søtare i smak.
 Junior i huset har begynt med graut og ulike typar mos. Favoritten er pære mos og sviskemos. Eg tenkte søtpotetmos måtte falla i smak sidan det er så søtt, men der tok eg feil. Eg har laga sju porsjonar som skal frysast, håpar det felle bedre i smak neste gong;) Eg lagar barnematen sjølv og fryse i små boksar frå Jernia eller små glas som eg har kjøpt barnemat i frå butikken.
Det er godt at det blir lenger og lenger lyst om ettermiddagen og at me fleire dagar denne veka har sett sola. Me innvia våren med nye puter, gardiner og lampar i stova. På søndag skal lillegutt døypa seg. Me gledar oss til den store dagen og familie besøk frå vestladet i helga.

lørdag 8. mars 2014

Bursdag og bryllupskort



 
 
Me trengte 3 kort, og eg laga dei du ser bilde av over.
Etter å ha rydda i korttinga, var det ekstra kjekt, for eg fant veldig fort det eg trengte:)
Han som fekk kortet det står 63 på blei ekstra glad, for han blei 64;) (frå no av skal eg skriva inn årstallet folk er født i bursdags kalenderen, og ikkje stola på husken:))
 
I formiddag kikka sola fram, og me var ute å gjekk på tur rundt Langvann.
Kjekt og gå tur og godt å sjå sola. Etterpå var me på TapasTapas å åt lunch.
 
Ha ei fortsatt fin helg!

søndag 2. mars 2014

Elgfile med blåbærsmørsaus, ovnssteikt persillerot og urtegårdspoteter

Denne retten var ikkje vanskelig å laga, tok ikkje veldig lang tid (45 min), men var veldig god:)
 
Kjøttet
Heilsteik fileten i smør i varm panne til den har fått steikeskorpe.
Sett kjøttet i steikeovnen til det har fått ønska kjernetemperatur.
 
Saus:
1.5 dl sukker, 0,75 dl balsamicoeddik, 1 dl rødvin, 1/2 terning kjøttbuljong, 2 dl blåbær, litt maisenna til jevning og 50 gram romtemperert smør.
 
Bland alle ingrediensane utenom smør. La det koke i 10 minutt.
Press bæra mot kanten av kjelen slik at safta renne ut.
Sil sausen, bland inn maisenna med litt kald vatn og før det inn i sausen.
Kok opp og tilsett smøret.
 
Ovnsbakt persillerot
3 persilleroter, 2 ss olje, 1 ts salt, 1 ts sennep
 
Bland alle ingrediensane til marinaden og hell over rotstavane. Steik i ovn ved 200 grader i 15-20 minutt.
 
Urtegårdspoteter
Skrell poteter og skjer i bitar
Kok
Mos
Tilsett kvitløk, smelta smør, persille, salt og pepper
 
Oppskrifta er henta frå kokeboka Elg & co

 
 
Ha ei fin veka:)

søndag 23. februar 2014

Ovnsbakte kyllinglår


Eg har ein forkjærlighet for alt i ett former som kan gjerast ferdig på forhånd når eg skal ha middagsbesøk, og denne retten komme inn i den kategorien.
 
Disse ovnsbakte kyllinglåra lage du slik:
Skjær poteter i 1/2 cm tjukke skiver og legg lagvis i botn av ei langpanne eller ildfast form (2 store, eller 3 små per person), ha litt salt, rosmarin og timian over potetene.
Kok opp 2 terningar med kyllingbuljong i 2 dl vatn, bland dette i 2 dl eplejuce (mengden tilpasses størrelse på forma du bruke, veska skal nesten dekka potetene).
Ha rosmarin og timian på kyllinglåra og legg dei oppå potetene (1,5 ubehandla kyllinglår per person).
Langsteik på 100 grader i 2 timar, eller "hurtigsteik"  40 minutt på 225 grader.
Server med grønn salat til.
 
Enjoy!

søndag 16. februar 2014

Suksesskake

Botn: 4 eggakviter, 200 gram sukker, 250 gram grovmalte mandlar.
Visp eggakvitene stive og tilsett sukkeret litt etter litt slik at massen blir blank og seig. Bland mandlane forsiktig inn og steik kakebotn på 175 grader i 45 minutt, 24 cm form.
 
Krem: 2 dl fløyte, 200 gram sukker, 2 ts vaniljesukker og 250 gram meierismør.
Kok opp kremfløyte, sukker og vaniljesukker. Visp eggeplommene og spe det litt etter litt oppi fløyteblandinga (rør kraftig). Varm forsiktig til kokepunkt, men blandinga må ikkje koka, men tjukne. Avkjøl blandinga (eg hadde blandinga 15 minutt i frysen) og tilsett mjukt smør. Kjør blandinga til den lett og luftig.

Eg har ett rose hjerta på bordet til minne om min kjære bestefar som døde for 13 dagar sidan. 

lørdag 8. februar 2014

Pizzamuffins

                       http://cake-bliss.blogspot.no/2012/09/pizza-muffins.html