søndag 6. desember 2009

Kromkaker

Når eg var heima sist helg, laga eg og bestemor kromkaker. Kromkaker er ikkje min favoritt, men det er kjekt å gjera noko saman og det var kjekt å læra å laga kromkaker. Bestemor steikte og eg rulla. Me brukte ca 2 timar på å steika ei oppskrift, og det blei 80 stk. Tenke eg ser meir til desse kromkakene i jula. her tar bestmor kaka av hjernet

" rullinga", må gjerast med ein gong kakene komme av hjernet


4 egg
300 gr sukker
250 gr smelta smør
2 dl vatn
250 gr mjøl
250 gr potetmjøl
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett lunka smør, vatn og begge typa mjøl. La røra stå kaldt i 5 timar, før ein steikjer. Viss røra er blitt for tjukk, tilsett litt vatn.
Steik på kronkakehjern, bruk ei "rulle" eller ein kopp til å forme kakene når dei er varme. Avkjøl før ein tar kakene oppi ein tett boks.

1 kommentar:

  1. Det såg kjekt ut! Eg har nett laga for fyrste gong...og røra stod ikkje 5 timar kaldt fyrst...og det var nesten umogeleg å få dei tynne nok...skulle hatt ei bestemor som kunne lært meg det. Du er heldig!!

    SvarSlett