fredag 5. februar 2010

Kofa kaka

Jobben min er å kjøpa inn hjelpemidler til alle landets hjelpemiddelsentralar. Me skal følga regelverket for offentlige anskaffelsar, som blant anna omfattar muligheten for å bli klaga inn for KOFA (klageorgan for offentlige anskaffelsar). Og det er noko me ofte blir, så eg slapp ikkje unna eg heller. Men saken min blei avvist i sekreteriatet, for det var så klart at me hadde gjort rett, at den ikkje var egna for behandling. Og dette skulle me feira. Tradisjonelt blir det feira med marsipankaka, men det like jo ikkje eg, så eg hadde med meg heimelaga firkløverkaka, dekorert med kofa seier nr 14 (totalt på min seksjon). Kaka er dobbel oppskrift av firkløverkaka eg har lagt ut oppskrift på tidligare. Men prøvde meg på eit nytt fyll, dvs samme ingrediensane, men ikkje "koppe" oppskrift, men dl og gram. Eg aldri har fått fyllet stivt med "koppa" oppskrifa, så anbefale eg å bruka denne:
200 gr firkløver
1/2 dl melk
40 gram margarin
90 gr (1.5dl) melis
Knekk sjokoloaden i bita og smelt den på svak samen med dei andre ingrediensane. Når alt er smelta, ha oppi melisen. Smør på kaka (oppå og inni). Eg brukte dobbel oppskrift.

Og til pynt, sjokoladeglaserte solsikkefrø, som på bildet over. Dette er eit nærbilde, det framkomme bedre på kaka, at dei er veldig små. Er godt å eta, og var godt oppå kaka.

Som eg sikkert har skreve før, består leiligheten min av to leiligheta, dvs ein to roms eg bur i, og ein 1 roms eg leige ut, den ligge på finn no, viss du vil sjå korleis den ser ut, kan du stikka innom http://www.finn.no/, til leie, oslo, sinsen-helsfyr og overskrifta er 1 roms.
La den ut for tre daga sidan, har hatt god respons, funne ein ok leigetagar, men ikkje den "perfekte" enda. Så kjenne du noken, tips dei om annonsa mi.

1 kommentar:

  1. Mmmm...kake! Den såg god ut. Kor får du kjøpt sjokoladeglaserte solsikkefrø? Har eg aldri smakt.

    Du lurte på kor eg hadde kjøpt øyredobbane eg pynta med knappar og gav til søstra mi. Svaret er panduro. Finst nok også på andre hobbybutikkar som sel smykkeutstyr.

    Ha ei finfin februarveke!

    SvarSlett