lørdag 6. mars 2010

Sist veka skulle eg på ein liten Norges rundreise, den starta hos søster mi på Lier, så til foreldre og besteforeldre og så skulle eg vidare til Trøndelag fylka med jobben. Men det blei kunn første dagen som gjekk etter planen, før eg gjekk ned for telling, dvs blei sjuk. Men når ein først skal vara sjuk, er det ein veldig stor fordel å vara heima, noken som holde ein med selskap når ein orke det og noken som lage mat til ein. Eg kom meg aldri til Trøndelag, men tilbrakte dei dagane på sofaen, med å sjå på det fine været.

Bilde over er utsikten frå huset til søster mi, Liervatnet.

Og her er min niese, hu er no blitt 10 månedar, og under Beauty.
Meininga var å få dei inn på ett bilde, men det var lettare sakt enn gjort, og etter tre forsøk, gav eg opp. Me gjekk ein tur longs vatnet i det fine været. Beauty nyte livet som gardshund, men syns det er ekstra kjekt når noken blir med hu på tur, og eg og hu er gode venner. Når eg er det lure hu seg inn med meg, og ligge med beina mine.

Ha ei forsatt fin helg!


1 kommentar:

  1. så flinke du e å sy og strikka og ta bilder. tante

    SvarSlett