Inspirert av at eg skulle på cup cake kurs og at eg hadde kjøpt brett til å laga muffins i testa eg ut oppskrifta på muffinfitness som du finne på fitness frukostblandinga (eg har gjort noken endringar). Fordelen med desse er at dei kan etast kvar dag om ein skulle ønska det:)
Du treng:
1,8 dl eplejuce (eller eplemost)
0,8 dl skumma melk
0,3 dl olja
2 eggekvite
90 gr Fitness, lett knust
110-130 gr grovbaks (prøv deg fram i forhold til konsistensen på røra)
85 gr brun farin (neste gong skal eg ha litt mindre)
1 ts kanel
1 ts bakepulver
3/4 ts natron
60 gr tørka tranbær (kan kjøpast til ein billig peng på Søstrene grene)
Sett ovnen på 200 gr, spray 12 mufinsformer med bakefett (eg hoppa over sprayinga og muffinsane henge litt fast i papiret). Bland eplejuce, melk, olja og eggekvite god samen. Rør inn resten av ingrediensane. Fordel røra i formene, stek i 18-22 minutt eller til dei er gyllenbrune.
Her servert på da koseliga service eg har arva hos moster Elisabeth.
Tips, eggeplommene du får til overs gjere ein omelett estra god og fin farge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar