Sist helg blei eg introdusert for to nye rettar, på fredag torsk, lever og rogn. Torsk er som alltid godt, men dei to siste blir ingen ny favoritt, rogna smakte ikkje direkte vondt, men levera smaka ikkje godt og hadde ein rar konsisteng. På søndag hadde me reinsdyrskav. Det var kjempegodt:)
Me hadde oppi det som er i denne oppskrifta http://snakk.klikk.no/Oppskrift/Finnbiff/10065642 foruten bacon.
Og til deser, sjokoladepudding med vaniljesaus.
Eg starta med å røra samen 8 ss sukker, 8 ss maisenamjøl, 6 ss kakao, 2 ts vaniljesukker og 8 dl h-melk i ei panna, kok opp under omrøring. La det koke i 3-4 min til det begynne å tjukne, tilsett ei plate dronningsjokolade og 8 ss kaffi.
Ha dette oppi ei skål som du har skyldt i kaldt vatn først (ialefall viss du feks ønske å servera puddingen på ein tallerk feks). La det pudding stå til den er blitt stiv (helst over natta).
Smaka veldig godt:)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar