mandag 21. mai 2012

Bryllupslokale

Det er under ett år til den store dagen vår, og no er bryllups lokale bestilt. Me ville ha det ein plass der dei ordna "alt". For oss stod det mellom disse:

Grefsenkollen

Østmarksetera

Losby gods

Hellerud gård


Grefsenkollen har kjempefin utsikt og michelin anbefaling. Lokalen som var egna for så mange gjester me skal ha, var litt "grovt" design på. Middag kan vara tidligast kl 18 pga at dei har åpent for turgåarar fram til då. Her skal ein ha med kaker og blomster sjøl.

Østmarksetera har ett bonderomatisk stil, med utsikt over Østmarkas mange 1000 tre. I tillegg til rommet ein skulle ha lang bord i, fekk ein ett mindre rom til gavebord og med noken bord og stolar i tillegg til ein veranda. Kjent for sin gode mat og vinkjellar. Her ordnar dei absulutt alt (blomster, kaker osv).

Losby gods er herskapelig og omringa av 18 håls golfbane. Der kan ein velga mellom å leiga gamlegodset eller ein konferansesal. For oss var det gamlegodset som var aktuell. Det var ein sal for middagen, med runde bord med plass til 8 på kvar, og tre små stover og ein ballsal ein skulle bruka resten av kvelden. Inkludert i leiga på 25 000 kr var 10 hotellrom og brudesuite. Praktisk med overnattingsmulighet på samme plass som selskapet, men og det dyraste alternativet. Her skal ein ha med kaker og blomster sjøl.

Hellerud gård
Gamal gard med fine lyse lokale. Fleire alternativ for oppdekking. Inkludert i leiga er tre små stove oppe, ei til gavebord og to til avslapping og evt velkomst dersom dårleg vær. Her skal ein ha med kaker og blomster sjøl. Ligge 5 minutt kjøre tur frå Olavs gård hotell med direkte bussforbindelse til Gardemoen (praktisk med mange tilreisande). Ute er det hagemøblar som blir benytta ved velkomsten. Billigaste alternativet. (Det er ca 20 000 forskjell mellom billigaste og dyraste slik me har rekna).

Me har valgt Hellerud gård. Hadde det lokalet me likte best og kjekt å kunne velga blomster og kaker.
Bryllupet blir  11.mai 2013.
Vielse i Lørenskog kyrkje kl 13.00

Ett nytt bryllups blad blei med i håndbagasjen når eg skulle på ferie, og no har eg nesten lest på meg "prestasjonsangst", så blir anna litteratur på neste ferie;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar