Muffinsen til høgre er gluten og melkefri. Muffinsen til høgre blei litt godt steikt, men smaka godt.
Disse muffinsane er nesten bedre uten fyll enn med fyll fordi då får ein bedre fram den saftige konsistensen. Dei holde seg godt både i kjøleskap og frys.
Til ei "vanlig" oppskrift trenger du:
3 egg
3 dl sukker
1,5 dl olje (oliven eller soya)
3 dl kveitemjøl
1,5 ts natron
1,5 ts kanel
1,5 ts vaniljesukker
4,5 dl gulrot - reven
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett olja. Bland alt det tørre og sikt det inn, tilsett reven gulrot til slutt.
Steik i ca 15 minutt på 200 grader midt i ovnen.
Dersom du vil lage ei glutenfri kaka erstatte du kveitemjølet, med fin glutenfri mjølblanding.
Ei oppskrift blir enten 18 små muffins eller ei kake i 24 cm form. Viss du velge å steike i kakeform, skal den steikast på 175 grader i 1 time.
Glasuret er laga av kremost, pittelitt sitronsaft og melis.
Eg har holdt meg på sofaen dei siste 4 dagane. Hell i uhellet er at eg har fine blomster å sjå på:)
Ser ut som blomane held seg godt - - - og godt at du e betre :) Gratulera med dagen :)
SvarSlett