I kveld har eg og mannen bakt brød. Når me var to brukte me ca 8 min frå me starta til brøda var i ovnen. Brøda inneholde lite karbohydrat og skal vara bra for meg som har fått svangerskapsdiabetes.
Til to låge brød i 2 liters brødformer trenge du:
8 egg
2 ts bakepulver
1 boks lettrømme
6 ss solsikkeolje
120 gram kruskakli
80 gram linfrø
100 gram sesamfrø
100 gram solsikkefrø
1. pisk egga
2. tilsett rømmen og olja
3. bland det tørre og ha det oppi egg, rømme og olje blandinga
4. tilsett bakepulver
Smør 2, 2-liters former godt eller bruk bakepapir (eg brukte formfett og mine brød blei litt ødelagt når eg tok dei ut, så anbefale bakepapir).
Steik på nederste rille i 55 minutt på 180 grader.
Avkjøl brøda på rist.
Brøda held seg best i kjøleskap.
Brøda held seg best i kjøleskap.
Eg har hatt bursdag og då fekk eg 20 røde roser hos min bedre halvdel. Rosene er like fine i dag, som når eg fekk dei for 11 daga siden. Eg håpar dei varer 11 dagar til, for dei er så fine å sjå på :)
Ha ei fin veka!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar