mandag 26. mai 2014

Lesekrok og gardiner til barnerommet

 I mars pussa me opp første etasje i huset (3 soverom og gang). Før måtte me gå igjennom ett soverom for å komma til neste soverom, no har begge soveromma fått dør frå gangen. Det er plater på alle rom, nytt golv, nye dører osv. Under trappa har me laga ein lesekrok, lillegutt og pappa lese og drikke litt melk der før leggetid. Mamma og pappa sine bamsar frå barndommen er komt ned frå loftet, og eg har sydd putetrekk til putene til ein sofa me no har kvitta oss med. Stoffa er kjøpt på Stoff og stil.

 Lillegutt har fått eige rom. Eg syns gardinene i butikken var litt for "vaksne" for han, så då blei det ein til tur til Stoff og stil.
Traktorar og dyr blir aldri feil 
Ha ei fin veka!

mandag 19. mai 2014

17 mai lunch

På 17 mai var me ute å såg på toget. I starten syns lillegutt det var veldig stas, men etter kvart blei det litt mange inntrykk. Når korpsa gjekk forbi oss å spela, blei det litt for masse av det gode og han tok til tårene. Då var det godt å ha hørselvern i nærheten og kunne kvila seg litt i vogna.
 
Etterpå var me hos oss å åt lunch.
Me kosa oss med: 

 
Potet og tomat salat 
 
Kok poteter (100 gram per person)
Skrell potetene når dei er blitt kalde, og del dei i bitar.
Sett steikeovene på 220 grader
Del cherrytomater i 2 (ca 5 per stk), legg dei oppi ei ildfast form. Ha salt, kvitløk, olje og basilikum oppå.
Steik i ca 20 minutt og avkjøl.
 
Bland potetene og tomatene.
Tilsett persille, gressløk og opphakka svart oliven.


Honningmelon og moreller
 

 
 Grønn salat av ruccola, rapid, sukkererter og grønn paprika.
 

Røykelaks

 
Eggerøre


Spekemat
(reinsdyrspølse, spekeskinke, fenalår, sola, salchichon og serano)
 

 
Og til desser, rullekake som svigermor hadde med.
Det er ingen sak og ha gjester når alt kan gjeras klar fleire timar før og gjestene har med kake:)
 
 

mandag 12. mai 2014

Ulta pro og papirbryllupsdag

 
Eg har fått ein ny venn på kjøkkenet, Ultra pro. I den boksen kan ein lage det meste, og resultatet blir veldig bra. Så langt har eg laga brød, omelett og risengrynsgraut. Brødet blei godt og fekk sprø skorpe, grauten laga seg sjøl og blei ikkje svidd. Oppskrifter kjem seinare.

I går hadde me papirbryllupsdag:)
I tillegg til ett papir har eg fått rose, lilla bukett og lilla potteplante frå mannen. Me var ute å åt på Le Benjamin, ein restaurant som absolutt er verdt ett besøk.
 
 

fredag 2. mai 2014

Bulgur salat med kylling


Denne salaten er god med varm kylling til middag, eller kald som lunch/turmat.
Til 4 stykk trenge du:
1 pakke sukkererter
1/2 agurk
ca 30 svarte oliven
3 tomater eller ein pakke med Cherry tomater
160 gram tørr bulgur
4 kyllingfilear
Viss du skal ha denne salaten til middag starte du med å hakke opp sukkererter, agurk og tomater.
Kok opp vatn til bulgur, tilsett 1 ts gurkemeie, ha oppi bulguren, ta panna vekk fra varmen og la det stå og trekke i 10 minutt. Ha salt og pepar på kyllingfileen og steik filen ca 4 minutt på kvar side.
(dersom du skal eta salaten kald eller ha den med, skjær kyllingfileen i bitar og avkjøl kyllingen og bulguren før du blande det med dei øvrige ingrediensane).
Lag gjerne ein stor porsjon, for salaten var nesten bedre dagen etterpå:)
Enjoy!