I mars pussa me opp første etasje i huset (3 soverom og gang). Før måtte me gå igjennom ett soverom for å komma til neste soverom, no har begge soveromma fått dør frå gangen. Det er plater på alle rom, nytt golv, nye dører osv. Under trappa har me laga ein lesekrok, lillegutt og pappa lese og drikke litt melk der før leggetid. Mamma og pappa sine bamsar frå barndommen er komt ned frå loftet, og eg har sydd putetrekk til putene til ein sofa me no har kvitta oss med. Stoffa er kjøpt på Stoff og stil.
Lillegutt har fått eige rom. Eg syns gardinene i butikken var litt for "vaksne" for han, så då blei det ein til tur til Stoff og stil.
Traktorar og dyr blir aldri feil
Ha ei fin veka!
Koseleg.
SvarSlettSå flink du er til å sy. Nydelige stoffer :)
SvarSlett