torsdag 20. november 2014

Sjokoladekuler med peanøtter

Jula nærma seg og neste søndag er det første søndag i advent. På tirsdag var eg på julekakebaking hos ei venninne. I år blei det sjokoladekuler med peanøtter. Disse sjokoladekulene er frå boka "Lett som en lek - Barnas første kokebok". Ei bok eg har hatt siden eg var liten og har hatt masse glede av.
 
Til disse gode sjokoladekulene trenge du:
100 gram margarin
3 dl havregryn
1 dl sukker
2 ss kakao
1 ts vaniljesukker
2 ss kokt kaffi
 
La margarinen ligge i romtemperatur til den blir mjuk. Bland alle ingrediensane i ei skål. Når du har arbeida samen deigen, ruller du kuler med hendene, trykk opphakka peanøtter inn i kulene.
Oppbevar kulene i kjøleskap, eller frys dei, viss det er lenge til dei skal etast.
Ha ein fin kveld!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar