torsdag 20. august 2009

Eplekaka og eple muffins

Me laga ei fire dobbel oppskrift med eplekake deig, resultatet blei 44 muffins og ei eplekaka i 24 cm form. Me hadde tenkt å laga fleire kaka, men fant ut at muffins var eit godt alternativt. Når ein har spretta ei kaka, er det lett at ein ete den opp, eller at ein ikkje syns ein kan setta ei spretta kaka på bordet. Muffins er lettare å ta med og ein kan ta opp noken, viss ein vil ha noko godt til kaffien. Me brukte papir former oppi ikea muffinsformene, kan anbefalast.
Oppskrifta me brukte er frå farmor mi, og er blit brukt i mang, mange år.
Oppskrifta passar til ei lita kakeform.
125 gr smør (ta det fram før du skal bruke det, slik at det blir mjukt)
120 gr sukker
125 gr mjøl
2 egg
1 ts bakepulver
Rør sukker og smør kvidt, og ha oppi resten av ingrediensene.

Deigen klar til å ha i former


Klar til steiking. Etter å ha pressa eplebåtane godt ned i deigen, ha kanel og sukker oppå, og mandlar viss du vil (me gjorde ikke det).
Steik kaka på 180 gr i 35-40 min. Muffinsane steikte me i 22 minutt på samme varme.

Da blei kjempegodt :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar