tirsdag 13. juli 2010

3 dagars meny

Eg har hatt besøk av familien (mamma, pappa, bror og søster) i tre daga. Eg har syns me har har hatt god mat, så her komme menyen:
Lørdag
Heimelaga pizza med grov botn
og salat som bestod av: lettkokt nykål og rucola salat, med olje balsamiko eddik
1/2 parten med pølsa, champingjong, annanas, ost og løk
Andre 1/2 parten med kjøttdeig, tomat, mais, løk og ost
Smurte opphakka tomater med basilikum utover botn før eg hadde oppå fyll.
Og som du ser på dette bildet, eg like best å laga mat når alt er klart på forhånd.
Deser:
Heimelaga is med rørte jordbær og norske jordbær og moreller
Oppskrifta er den samme som eg har lagt ut før, men bytta ut daim og kaffi med rørte jordbær
Søndag:
Salat med brokkoli, kokt sommarskinke, soltørka tomater, fetaost, cherry tomater, vårløk, potetbåtar (inspirert av potetsalaten til Trines mektige matblogg) og loff frå Åpent bakeri.

Planen var å laga alt oppi ei skål, men fant fort ut at skåla var for liten. Så eg la opp 5 porsjonar. Ein kan laga god mat, men det har mykje å sei korleis ein legge den på tallerken.

Og her er skåla:

Til kaffien hadde me marmorkaka som eg fekk av bestemor når hu var på besøk. Tiltross for at hu seie at hu har "komt vekk frå å laga mat", er dette ett eksempel på at den påstanden ikkje stemme. Med målehjelp (pågrunn av dårlig syn) lage hu veldig gode kake.


Mandag:
Fiskegryte med nypoteter
800 gram frossen frossen torsk i blokk
6 dl yoghurt naturell
1 tube rekeost
2 små boksar mais
1 purre
salt
Legg fisken i ei ildfast form, dryss over litt salt. Bland alle dei andre ingrediensane og slå det over fisken. Steik fisken i ovnen ved 180 grader i ca 50 min.

Og til deser:
Peach bliss
2 porsjonar:
2 dl melk
225 gr hermetisk fersken
2 friske aprikosar (viss du bruka tørka, ha dei i kokande vatn til dei blir mjuke)
400 gr jordbær
2 banaer
Bland alt i ein blender
Og no er dei reiste, leiligheten rydda og vaske, og kofferten min pakka. Eg reise til Malta på trim og velværeferie i mårå, så det blir stille på bloggen, og eg oppholde meg her: http://www.hotelfortina.com/
Ha det fint så lenge!

2 kommentarer:

  1. Oi, for en herlig meny! Tror jammen meg jeg må prøve den potetsalaten, er jo så deilig med potetbåter!

    SV: Jo takk det samme :) Hørt at Malta er nydelig! God tur, og sommer :)

    SvarSlett
  2. da va nå jaffal godt:)

    SvarSlett