fredag 20. mai 2011

Farging av ull

Eg har erga meg over at ei av ullundertrøyene mine ikkje er så fine i fargen lenger, og har ein stor flekk. Har tenkt på at eg kunne prøva å farga den, men det blei med tanken, heilt til eg såg at nøstebloggen skulle testa ut ulike måtar og farga ull på. Konklusjonen av dei fire typane hu testa ut fin du her


Valget mitt falt på Herdins textil color fra Jernia, for da såg enklast ut. Eg fulgte framgongsmøten som du fin her. Eg vog ikkje tøyet før eg farga det, men i tillegg til ei langarma ullundertøye blei 3 bodyar, ei ullundertrøye uten arm og eit lite teppe med. Etter advarslar frå nøstebloggen og frykt for å ødelegga noko, holdt eg på i hagen til foreldra mine. Pappa utstyrte meg med varm kjeladress (for eg måtte jo vara ute å passa på dette i over ein time:)), kokeplata, 18 l panna og var i nærheten når eg trengte ei hjelpande hånd. Foruten det som står i bruksanvisningen, la eg noken stenar oppå ullet, slik at det ikkje skulle flyta opp.
Og her er resultatet:


Eg syns alle tinga er blitt finare, og som forventa blei ikkje saumane blå. Og ikkje skjønnar eg heilt koffor fargen blei så skjoldete og at på den eine bodyen var det ein flekk i halsåpninga, eg veit ikkje kva det var, men noko spesielt, for det området blei ikkje farga.

No er kleda vaska i maskinen, og pleddet blir med på piknikk i mårå.

Takk for hjelpa pappa! (og om noken skulle lura, er ikkje faren min genuint intresert i ullfarging, men det var ein kompromi. Eg hjelpte til med konfirmasjonen og han hjelpte meg med farging).





Ha ein forsatt fin lørdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar