fredag 27. mai 2011

Pizzaboller

Sist lørdag var eg på piknikk i Botanisk hage. Eg hadde med pizzaboller, foruten "dø" tid (heving, steiking osv) gjekk da veldig fort og laga dei og dei blei veldig gode.


Start med å laga ein gjær deig, til 10 store pizzaboller trenger du dette:

300 gr kveitemjøl, 250 gr grovbakst blanding, 50 gr gjær, 1 ts salt, 2 ss olivenolja og 3 dl lunka vatn.


Eg brukte tørrgjær og starta med å blanda alt det tørra, tilsatte vatn og olja, og jobba med deigen til den fekk fin konsestens og var elta godt. Deigen hevde i ca 45 min. I mens laga eg ein pakke med meksikansk pizza saus og avkjølte den (varm saus på deigen gjere at deigen blir vanskelig å trilla samen og skjera i bitar) og raspa ein boks bogskinke.



Kjevla ut deigen, smurte utover sausen, la skinkebitane utover. Trilla deigen samen og skar i tjukke skiver.
La bollene på steikeplate med papir og hadde oppå raspa ost (eg hadde litt raspa ost for hånd, viss ikkje er da nesten bedre å bruka skiver med ost, for då får ein ikkje så masse svinn (ost som blir liggande mellom bollene))

Steikte bollene på 225 gr i 25 minut.
Etter max 30 minutt effektiv jobbing (då var kjøkkenet rydda og), låg 10 pizzaboller til avkjøling på rist.


Det var masse fint å sjå på i Botanisk hage, ny piknikk på slutten av sommaren er allerede planlagt og då er det sikkert heilt andre blomster å sjå på.


1 kommentar:

  1. Nam, nå ble jeg sulten sånn rett før leggetid.. Jeg noterer meg tipset om å raspe skinke - det skal jammen meg prøves ut neste gang vi har bruk for skinke i biter.

    Ha en god helg!

    SvarSlett