torsdag 2. juni 2011

Påskeløpar

Påsken er for lengst forbi, og foruten at påsken budskap og kristihimmelfartsdag har sammenheng er det få grunnar å tenke på påske i dag. Men i dag er eg ferdig med påskeløparen min. Starta optimistisk ein måne før påske, men skjønte fort at eg ikkje blei ferdig og motivasjonen dala. Men har hekla ei ruta no og ei då, og plutseleg hadde eg åtte, og kunne begynne å hekla samen. Duken består av oldemorsruter, å hekla dei lærte eg på strikkekafeen. Dette er ikkje ein veldig "finsleg" duk, men så er ikkje eg veldig "sirleg" av meg heller. Fleire av rutene er i dobbel trå for å bli ca like dei som er i den tjukkaste tråen. Duken er hekla i ulik bomullstrå, så foruten og bli min første påskeduk, har trålageret blitt litt redusert.

Ha ein forsatt fin kristihimmelfartsdag og ei fin helg viss du allerede har starta den:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar