fredag 10. juni 2011

Dekorering av pose og ostekake

I går var eg i bursdag, eg hadde ikkje kjøpt ein veldig personlig gave, men prøvde meg på ein litt meir personlig eller kansje rettare sakt forseggjort innpakning. Han som hadde bursdag er veldig glad i fiskar. Eg har begynt å samla på papirposar, for å kunna dekorera dei og bruka dei til innpakning. Denne er frå Åpent Bakeri, den siste eg hadde, så no må eg snart der igjenn:) Fant mal på fiskar i ei malebok eg har. Her ser du og baksida på kortet. Og her er andre sida, med framsida på kortet. Gratulerar på mange ulike språk. Påsen er teipa igjenn, det hadde sett finare ut viss den var stifta, men då hadde den sikkert blitt ødelagt ved åpning. No kan ein bruka påsen til å ha kort oppi feks.

Og eg var så heldig å få baka kaka og valget falt på ostekake i 18 cm i diameter forma mi.
Ei form eg har vore på utkikk etter lenge, men som eg fant på Hustvedt i Stavanger sist eg var der. Det er greit å kunne laga små runde kaker om ein ikkje er så mange, eller ein heller vil laga fleire typar. Eg laga 75% av oppskrifta som du finne link til lenger nede.
Lysa er fra nille, fine fargar og kosta ikkje meir enn 18 kr. Var bra eg gjekk der først, for på Jernia, har dei begynt å få varer frå Cacas, og der har dei utrulig masse eg blir frista av, men til ein heilt anna pris.



Oppskrifta på kaka finn du her.
Eg brukte appelsingele, og kaka er pynta med hermetiske mandarin båtar.

Linken til oppskrifta fant eg på denne bloggen, som er vert eit besøk dersom du er glad i ostekake.
Egentlig skulle eg bruka oppskrifta som tante pleie å bruka, men den har eg vist rydda litt for godt vekk, og sidan tante holdt på å flytta og sikkert ikkje hadde den for hånd, får det bli den neste gong heller.


God pinse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar