onsdag 8. juni 2011

Kald laks, agurksalat og nypoteter

Såg ikkje dette godt ut?


Kok opp vatn med litt salt og noken laurbærblad og la laksefileen trekka i ca tretti minutt. Når den er ferdig, ha oppi ein sitronbåt, eller litt sitronsaft. La det stå til det er kaldt (gjerne natta over).


Skjær agurken i skiver med ein ostehøvel. Ha agurken oppi ei skål saman med 1 dl vatn, 3 ss edikk (7%) og smak til med litt pepar og sukker.


Kok nypoteter og server saman med litt rømme.


Her servert på dei koselige fisketalerkane eg nyleg har arva. Laga i Norge og er av merket turid-design. Sikkert 40 år gamle, men lika fine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar