Påskeegget mitt i år bestod av tre nøster garn og ei strikkeoppskrift. Eg begynte på strikkinga i påsken, men da viste seg at halvpatent var ikkje så enkelt som eg trudde. Prosjektet blei lagt vekk, i påvente av ny strikkekafe. Damene der var til god hjelp, og til oppmuntring for meg, fant dei ein feil i oppskrifta, så det var ikkje eg som var heilt håplaus. Eg blei ferdig med eine tøffelen, men når eg skulle begynna på nummer to på egenhånd, oppstod da problem. Men etter å sikkert rekt opp 10 gongar totalt har eg no to tøfler. Tøflene skulle egentlig bli gitt i bursdagspresang til "tur venninda" mi, i slutten av april. Men pga alle problema, blir det heller ein oppmuntringsgave etter all eksamenslesinga. Oppskrifta er henta frå heftet "Designfolder 10".
Og tøflene eg har strikka er design 1 av 4 i heftet.
Blei fine lubbene, til slutt!
SvarSlett