lørdag 19. januar 2013

Det er alltid kjekt når ein finn noko ein treng på finn, spesielt når ein ikkje har funne noko ein likar til ein pris ein likar i butikken. Me kjøpte nattbord på finn i sommar. Det eien var lyseblått og det andre lysegrønt, var ganske stilig når me ikkje hadde noko med farge på, på soverommet. Men etter at me tapeserte skyvedørsgarderoben og fekk opp litt bilder på veggene, syns eg det blei styggare og styggare. Så etter å ha hatt juleferie og samla energi, sette eg i gong med malig. Nattborda blei kvite med lilla knotta frå Kremmerhuset. Og ekstra kjekt med "nytt" nattbord når ein har ei kjekk bok oppå, "Syersken fra Madrid".
 
Etter at eg var ferdig med nattborda, satte eg i gong med gelenderet på trappa. Eg er ferdig med det og, men har igjenn og vaska vekk malinga som er søla, tiltross for iherdig teiping.
 
No skal me ut og kjøpa nytt glas til ovnsdøra vår, det sprakk i går.
Med -18 ute håpe eg dei har det på lager, så me kan fyra igjenn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar