onsdag 16. juni 2010

Flintsteik i ulike variantar

Eg hadde ei flintsteik som egentlig skulle vore grilla i pinsen, men det blei aldrig gjort. Men eg fekk god middag av den to dagar. Første dagen hakka eg den opp og hadde den samen med heimelaga potetsalat og squasj, cherry tomater og sukkererterPotetsalat

150 gr poteter

2 ss lettrømme

2 ss yoghurt naturel

1 ts senep

1/4 løk

1 sylteagurk

1/2 ts kraft frå sylteagurken

salt, pepar og pressa sitron


Bland saman alt det "fuktige" og ha det over potetene. Rør samen.


I min potetsalat kom det aldrig sylteagurk, for eg fekk ikkje opp glasset og då kutta eg ut sennepen og. Dette blei erstatta med ein pakke gresk dressing krydder frå Knorr. Blei godt det og :)


Dag to

Ta med middag


Flintsteik i terningar

Potet i bitar (kokte ei ekstra første dagen)

squasj

cherry tomater

spinatblad

litt "fuktig" frå potetsalaten

og sukkererter


Ta,ta, 7 min seinare var det oppi ein boks og var god middag ein dag eg var lenge på jobben og skulle vidare etterpå.


Ha ei fin helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar